Slengen: Skilnad mellom versjonar
s Bilde av Slengen ferdig restaurert |
s Språkpuss |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
[[Fil:Slengen Rygnestad 011216.jpg|miniatyr|høyre|Ferdig restaurert bygg. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Slengen Rygnestad 011216.jpg|miniatyr|høyre|Ferdig restaurert bygg. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Slengen Rygnestad Valle 260915 (2).jpg|miniatyr|høyre|Frå restaureringa i 2015. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Slengen Rygnestad Valle 260915 (2).jpg|miniatyr|høyre|Frå restaureringa i 2015. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
'''Slengen''' er ein husmannsplass i [[Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap]]. Den er den einaste av fire slike plassar som framleis har hus. Dette | '''Slengen''' er ein husmannsplass i [[Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap]]. Den er den einaste av fire slike plassar som framleis har hus. Dette var sterkt til nedfalls, men det blei vedteke å setje huset i stand att gjennom kurs der handverkarar fekk opplæring i gamle handverksteknikkar. Plassen fortel om husmannen sitt daglegliv og levekår betre enn ein skriftleg rapport kan gjere. | ||
I bygdeboka for Valle er det opplyst at Slengen vart frådelt i 1906, men det er grunn til å tru at husmannsplassen har vore nytta frå lenge før det. Huset tyder på å vere bygd på 1800-talet. Frå 1935 har det ikkje budd folk i huset, som har stove, gang og kammers. Det er i ein etasje og har ein låg hems over stovedelen. | I bygdeboka for Valle er det opplyst at Slengen vart frådelt i 1906, men det er grunn til å tru at husmannsplassen har vore nytta frå lenge før det. Huset tyder på å vere bygd på 1800-talet. Frå 1935 har det ikkje budd folk i huset, som har stove, gang og kammers. Det er i ein etasje og har ein låg hems over stovedelen. | ||
| Line 8: | Line 8: | ||
I området er det tre andre husmannsplassar som i dag bare er attgrodde tufter: Krone, Drenkadøl, og Bronen. Slengen vert teken vare på av [[Setesdalsmuseet]] og var månadens kulturminne for mai 2013 i Aust-Agder. | I området er det tre andre husmannsplassar som i dag bare er attgrodde tufter: Krone, Drenkadøl, og Bronen. Slengen vert teken vare på av [[Setesdalsmuseet]] og var månadens kulturminne for mai 2013 i Aust-Agder. | ||
Det | Det blei løyvt 600.000 kroner til kurset for å restaurere husmannsplassen. Finansieringa kom frå Kulturminnefondet, kulturminnevernseksjonen i Aust-Agder fylkeskommune, [[Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap]] og [[Valle kommune]]. Kurset med ni deltakarar starta i veke 14, 2014 og gjekk over 10 veker fordelt på halvtanna år. Leiar for prosjektet var [[Ane Uleberg]].<ref>[[Ole Birger Lien]]: ''Skal restaurere Slengen''. Artikkel i [[Setesdølen nr. 26, 2014]] side 3</ref> | ||
== Referanser == | == Referanser == | ||
Versjonen frå 2. desember 2016 kl. 11:03
Slengen er ein husmannsplass i Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap. Den er den einaste av fire slike plassar som framleis har hus. Dette var sterkt til nedfalls, men det blei vedteke å setje huset i stand att gjennom kurs der handverkarar fekk opplæring i gamle handverksteknikkar. Plassen fortel om husmannen sitt daglegliv og levekår betre enn ein skriftleg rapport kan gjere.
I bygdeboka for Valle er det opplyst at Slengen vart frådelt i 1906, men det er grunn til å tru at husmannsplassen har vore nytta frå lenge før det. Huset tyder på å vere bygd på 1800-talet. Frå 1935 har det ikkje budd folk i huset, som har stove, gang og kammers. Det er i ein etasje og har ein låg hems over stovedelen.
I området er det tre andre husmannsplassar som i dag bare er attgrodde tufter: Krone, Drenkadøl, og Bronen. Slengen vert teken vare på av Setesdalsmuseet og var månadens kulturminne for mai 2013 i Aust-Agder.
Det blei løyvt 600.000 kroner til kurset for å restaurere husmannsplassen. Finansieringa kom frå Kulturminnefondet, kulturminnevernseksjonen i Aust-Agder fylkeskommune, Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap og Valle kommune. Kurset med ni deltakarar starta i veke 14, 2014 og gjekk over 10 veker fordelt på halvtanna år. Leiar for prosjektet var Ane Uleberg.[1]
Referanser
- ↑ Ole Birger Lien: Skal restaurere Slengen. Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2014 side 3