Årdalen naturreservat: Skilnad mellom versjonar
s Kart |
s →Kjelder |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[https://www.fylkesmannen.no/Documents/Dokument%20FMAA/Milj%C3%B8%20og%20klima/Verneomr%C3%A5der/Forvaltningsplan_%C3%85rdalen_naturreservat_3heqO.pdf Forvaltningsplan for Årdalen naturreservat] | *[https://www.fylkesmannen.no/Documents/Dokument%20FMAA/Milj%C3%B8%20og%20klima/Verneomr%C3%A5der/Forvaltningsplan_%C3%85rdalen_naturreservat_3heqO.pdf Forvaltningsplan for Årdalen naturreservat] | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 280 | |||
== Kart == | == Kart == | ||
Versjonen frå 9. november 2016 kl. 09:44
Årdalen naturreservat ligg i Årdalen i Bygland og Åmli kommunar. Reservatet blei oppretta ved kgl. res. 17. desember 1993. Føremålet er å ta vare på eit større samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep og med ein variert natur som samla er representativ for midtre delar av Aust-Agder. Reservatet dekker eit areal på 21,3 km2. 15,5 km2 er i Åmli og 5,8 km2 i Bygland. Høgda over havet er 450-800 meter.
Avgrensinga av reservatet følger i hovudsak nedslagsfeltet eller landskapshorisonten på begge sider av hovuddalføret som er Tovdal. I sør går grensa rett sør for Rjukanfossen i Åmli. I nord er grensa ved skogsbilvegane som går inn i området frå Åraksbø i Bygland.
Mot aust grensar reservatet mot Rukkevatn barskogreservat, og i nordaust mot Furebuheii myrreservat. Til saman utgjer desse tre reservata eit verna areal på 42,7 km2.
Kjelder
- Forvaltningsplan for Årdalen naturreservat
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 280