Mjåvatnet (Straume): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mjåvatnet (Straume) |
s →Kart |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
== Kart == | == Kart == | ||
{{#display_map: 59.0768548461355,7.7007293701171875~Mjåvatnet Valle}} | |||
[[Kategori:Vatn i Valle]] | [[Kategori:Vatn i Valle]] | ||
Versjonen frå 1. november 2016 kl. 12:08
Mjåvatnet er eit vatn i Straumsheia, aust for garden Straume og rett vest for Straumsfjorden, i Valle. Vatnet ligg 764 moh. og dekker eit areal på ca. 1,4 km².
Frå naturen si side har vatnet utlaup mot aust, til Straumsfjorden i Tovdalsvassdraget. Men kjøpmann Peder Lind starta opp med gruvedrift i Straumsheia på andre halvdel av 1600-talet. Han demde då opp Mjåvatnet med to stemmar, ein i aust mot Straumsfjorden og ein i vest mot Straume. Vasstanden blei heva med ca. 7 meter. Frå då av fekk vatnet hovudutlaup utfor lia ned mot Straume. Det gav Lind den vasskrafta han trong for å bygge ei smeltehytte på Straume.[1]
I dag går det skogsbilveg frå Straume gjennom Straumsgjuvet til Mjåvatnet.
Kjelder og eksterne lenker
- Om godkjend og tilrådd skrivemåte hos Statens Kartverk
- Kommunekart.com
- Artikkelen om Mjåvatnet på Wikipedia (bokmål), vitja 1. november 2016
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 44-45