Straumsgruvene: Skilnad mellom versjonar
s Føyd til en referanse |
s →Drivarane: lenkefiks Mjåvatnet |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
== Drivarane == | == Drivarane == | ||
Kjøpmann [[Peder Lind]] frå Kristiansand var den første med gruvedrift av eit visst omfang i Straumsgruvene (ca. 1660-1680). Lind fekk bygd to store stemmar i [[Straums-Mjåvatn]] for å leie vatnet ned til garden på [[Straume]] nede i [[Setesdal]]. Der sette han opp smelteomn og fleire hus. Vasskrafta nytta han til å drive ulike tekniske innretningar.<ref>''Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje'', side 45</ref> | Kjøpmann [[Peder Lind]] frå Kristiansand var den første med gruvedrift av eit visst omfang i Straumsgruvene (ca. 1660-1680). Lind fekk bygd to store stemmar i [[Mjåvatnet (Straume)|Straums-Mjåvatn]] for å leie vatnet ned til garden på [[Straume]] nede i [[Setesdal]]. Der sette han opp smelteomn og fleire hus. Vasskrafta nytta han til å drive ulike tekniske innretningar.<ref>''Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje'', side 45</ref> | ||
Kjøpmann Simon Jørgensen med fleire tok over Åmdal Verk i Telemark i 1763. Desse folka skal også ha drive litt i gruvene på Straumsheia.<ref>''Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje'', side 48</ref> | Kjøpmann Simon Jørgensen med fleire tok over Åmdal Verk i Telemark i 1763. Desse folka skal også ha drive litt i gruvene på Straumsheia.<ref>''Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje'', side 48</ref> | ||
Versjonen frå 1. november 2016 kl. 11:36
Straumsgruvene var fleire kopargruver i eit større geologisk felt på Straumsheia ved Straumsfjorden i Setesdal Austhei i Valle. Mineralførekomstane på Straumsheia må ha blitt oppdaga før 1650, for Kongen visste alt på det tidspunkt at Straumsheia var eit interessant leiteområde for koparmalm.[1] [2]
Det er små skjerp over eit stort område inne på Straumsheia. Men den viktigaste gruvedrifta var konsentrert om to lokalitetar; ved Gamle gruve og Amalie gruve.[3]
Drivarane
Kjøpmann Peder Lind frå Kristiansand var den første med gruvedrift av eit visst omfang i Straumsgruvene (ca. 1660-1680). Lind fekk bygd to store stemmar i Straums-Mjåvatn for å leie vatnet ned til garden på Straume nede i Setesdal. Der sette han opp smelteomn og fleire hus. Vasskrafta nytta han til å drive ulike tekniske innretningar.[4]
Kjøpmann Simon Jørgensen med fleire tok over Åmdal Verk i Telemark i 1763. Desse folka skal også ha drive litt i gruvene på Straumsheia.[5]
Ola Songesand bygde ein smelteomn ved Stavsvatnet, og smelta med mykje strev ut ca. 150 kg med kopar ved Gamle gruve rundt 1823. Han trong ikkje grave malmen fram, han fann heile haugar med utbroten koparmalm frå tidlegare drift. Songesand selde koparen sin til konsul Reinhardt i Kristiansand. Reinhardt blei oppglødd over koparen, og muta mange skjerp i Straumsheia. 20 år seinare starta han Det Sæthersdalske Kobberværk.[6]
Gruvedrifta i Straumsheia gav aldri noko monaleg overskot. Gruvekjennaren Sigmund Monen har konkludert slik:
- Eit område på over tre km lengde er eit einaste stort kulturminneområde over eit ufatteleg strev som ikkje gav nokon gevinst korkje til investorar eller bygdefolk.[7]
Kjelder
- Professor Edv. Bull, Økonomisk og administrativ historie, kapittel i Norske Bygder - Setesdalen, utgjeve 1921, side 57
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 271-272
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 41
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 242
- ↑ Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 73
- ↑ Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 45
- ↑ Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 48
- ↑ Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 49
- ↑ Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 74