Skollhaugan gravfelt: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Presisert en kategori |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
*[[Vegusdal - Kultursoge]], utgjeve av [[Vegusdal bygdesogenemnd]], 2002, side 32-35 | *[[Vegusdal - Kultursoge]], utgjeve av [[Vegusdal bygdesogenemnd]], 2002, side 32-35 | ||
[[Kategori:Birkenes]] | [[Kategori:Kulturminner i Birkenes]] | ||
Versjonen frå 23. oktober 2016 kl. 17:19
Skollhaugan gravfelt er ein gravplass frå eldre jernalder, frå 400-talet e.Kr., på garden Skreros i Vegusdal i Birkenes kommune. Det er funne 12 gravhaugar. Dei ligg på ei slette nede på flata ved Skrerosåna, eit område som tidlegare var ei øy der elva renn ut i Ogge.
Gravfeltet blei «gjenoppdaga» i 1912 under uttak av grus i området. I 1917 blei fem av haugane arkeologisk undersøkt av Helge Gjessing frå Universitetets Oldsaksamling. I ein av haugane, haug II, blei det gjort rike funn. Ei kvinne og eit lite barn var blitt gravlagd her. Dei andre haugane var tome.
Dei rike funna i haug II, mellom anna av keramikk og smykke, gjer det mogeleg å tidfeste denne haugen til 400-talet. Gjenstandane frå grava er unike i norsk jernalder, og tyder på at dei døde har høyrd til ei mektig ætt frå ein gard med makt og overskudd. I kultursoga for Vegusdal er det sagt at garden Skreros må ha vore eit høvdingsæte.
Kjelder
- Oppslag/plakat ved gravfeltet sett opp av Birkenes kommune
- Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 32-35