Årdalen naturreservat: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivefeil
Line 1: Line 1:
[[Fil:Rjukanfossen Tovdal 100714 (6).JPG|miniatyr|høyre|Rjukanfossen ligg heilt sør i Årdalen naturreservat. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]]]]]
[[Fil:Rjukanfossen Tovdal 100714 (6).JPG|miniatyr|høyre|Rjukanfossen ligg heilt sør i Årdalen naturreservat. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Årdalen naturreservat''' ligg i [[Årdalen]] i [[Bygland]] og [[Åmli]] kommunar. Reservatet blei oppretta ved kgl. res. [[17. desember 1993]]. Føremålet er å ta vare på eit større samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep og med ein variert natur som samla er representativ for midtre delar av Aust-Agder. Reservatet dekker eit areal på 21,3 km2. 15,5 km2 er i Åmli og 5,8 km2 i Bygland. Høgda over havet er 450-800 meter.  

Versjonen frå 11. september 2016 kl. 13:57

Fil:Rjukanfossen Tovdal 100714 (6).JPG
Rjukanfossen ligg heilt sør i Årdalen naturreservat.

Årdalen naturreservat ligg i Årdalen i Bygland og Åmli kommunar. Reservatet blei oppretta ved kgl. res. 17. desember 1993. Føremålet er å ta vare på eit større samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep og med ein variert natur som samla er representativ for midtre delar av Aust-Agder. Reservatet dekker eit areal på 21,3 km2. 15,5 km2 er i Åmli og 5,8 km2 i Bygland. Høgda over havet er 450-800 meter.

Avgrensinga av reservatet følger i hovudsak nedslagsfeltet eller landskapshorisonten på begge sider av hovuddalføret som er Tovdal. I sør går grensa rett sør for Rjukanfossen i Åmli. I nord er grensa ved skogsbilvegane som går inn i området frå Åraksbø i Bygland.

Mot aust grensar reservatet mot Rukkevatn naturreservat, og i nordaust mot Furebuheii naturreservat. Til saman utgjer desse tre reservata eit verna areal på 42,7 km2.

Kjelder