Tor Hoslemo: Skilnad mellom versjonar
lenke |
s Lenke Åmli |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
Utanom livet som spelemann har han teke utdanning innan byggteknikk på [[Blakstad videregående skole]] og påbyggingsår for å få studiekompetanse på [[Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes]], der han var ferdig våren 2011. Hausten 2011 starta han så på folkemusikkutdanninga på Rauland. | Utanom livet som spelemann har han teke utdanning innan byggteknikk på [[Blakstad videregående skole]] og påbyggingsår for å få studiekompetanse på [[Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes]], der han var ferdig våren 2011. Hausten 2011 starta han så på folkemusikkutdanninga på Rauland. | ||
I 2009 gav han ut plata ''[[Dalstroka innafor]]'' saman med [[Gard Nergaard]] frå Øyslebø og [[Johanne Flottorp]] frå Åmli. Plata vart gjeven ut av [[Agder Folkemusikkarkiv]] i samarbeid med [[Etnisk Musikklubb]] og markerte 10-årsjubileet for Agder Folkemusikkarkiv. | I 2009 gav han ut plata ''[[Dalstroka innafor]]'' saman med [[Gard Nergaard]] frå Øyslebø og [[Johanne Flottorp]] frå [[Åmli]]. Plata vart gjeven ut av [[Agder Folkemusikkarkiv]] i samarbeid med [[Etnisk Musikklubb]] og markerte 10-årsjubileet for Agder Folkemusikkarkiv. | ||
Han vann klasse B for hardingfele i 2012 og 2013, og rykka opp til klasse A i kappleikane. Han vann [[Setesdalskappleiken 2014]] i klasse A og vart nr. 2 på Landskappleiken 2015. Der fekk han i tillegg [[Fureprisen]] på {{formatnum:50000}} kr. Prisen går til beste utøvar under 25 år uansett klasse. | Han vann klasse B for hardingfele i 2012 og 2013, og rykka opp til klasse A i kappleikane. Han vann [[Setesdalskappleiken 2014]] i klasse A og vart nr. 2 på Landskappleiken 2015. Der fekk han i tillegg [[Fureprisen]] på {{formatnum:50000}} kr. Prisen går til beste utøvar under 25 år uansett klasse. | ||
Versjonen frå 11. september 2016 kl. 08:57
| Tor Hoslemo | ||
|---|---|---|
| Født: | 2. august 1992 (33 år) | |
Tor Hoslemo (fødd 2. august 1992) er ein spelemann frå Bykle. Han er to gonger noregsmeister i hardingfele yngste klasse. Han har og vunne klassane sine på lokale kappleikar. Han har fått kulturstipend frå Bykle kommune både i 2004, 2008 og 2009. Han har og fått Aust-Agder fylke sitt kulturstipend på 30.000 kroner i 2007. Han har vore elev av alle dei fremste tradisjonsberarane i Setesdal. Dei viktigaste er Marton Laksesvela og Vidar Lande, og etter kvart er det blitt mange konsertoppdrag rundt om i landet.
Utanom livet som spelemann har han teke utdanning innan byggteknikk på Blakstad videregående skole og påbyggingsår for å få studiekompetanse på Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes, der han var ferdig våren 2011. Hausten 2011 starta han så på folkemusikkutdanninga på Rauland.
I 2009 gav han ut plata Dalstroka innafor saman med Gard Nergaard frå Øyslebø og Johanne Flottorp frå Åmli. Plata vart gjeven ut av Agder Folkemusikkarkiv i samarbeid med Etnisk Musikklubb og markerte 10-årsjubileet for Agder Folkemusikkarkiv.
Han vann klasse B for hardingfele i 2012 og 2013, og rykka opp til klasse A i kappleikane. Han vann Setesdalskappleiken 2014 i klasse A og vart nr. 2 på Landskappleiken 2015. Der fekk han i tillegg Fureprisen på 50 000 kr. Prisen går til beste utøvar under 25 år uansett klasse.
Tor Hoslemo var den eine av tre medlemmer i gruppa Fjellfolk og har vore med som spelemann i Kulturpatrulja.
Kjelder
- Informasjon frå coveret til Dalstroka innafor side 2