Bryggja: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
lenkeretting, presisering |
s Rettet liten skrivefeil |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Bryggja''' er eit stadnamn i [[Valle]] som minner om den tida då folk rodde etter [[Otra]]. Dei brukte pråmar (flat båt) eller eikjor (båt med rundvoren botn). Elvi frå [[Flårenden]] og opp til [[Kvestad]] lagar ein liten innsjø. På båe sidor var det | '''Bryggja''' er eit stadnamn i [[Valle]] som minner om den tida då folk rodde etter [[Otra]]. Dei brukte pråmar (flat båt) eller eikjor (båt med rundvoren botn). Elvi frå [[Flårenden]] og opp til [[Kvestad]] lagar ein liten innsjø. På båe sidor var det uframkomeleg til lands. Når dei kom til [[Sandnes (Valle)|Sandnes]], kunne dei ro i land der. Her låg [[Eikjehuset]]. Vidare rodde dei oppover til [[Mo]], ytst i Kvestadjordet. Her var [[Naustret]], og herifrå kunne ein reisa landevegen. Bryggja står enno, på dei andre stadene er alle spor etter naust borte, men stadnemningane vil framleis vere ei påminning om dei.<ref>[[Dreng Uppstad]]: ''[[Nokre stadnamn frå Valle i Setesdal]]'' 1939, side 65.</ref> | ||
==Referansar== | ==Referansar== | ||
Versjonen frå 6. september 2016 kl. 07:36
Bryggja er eit stadnamn i Valle som minner om den tida då folk rodde etter Otra. Dei brukte pråmar (flat båt) eller eikjor (båt med rundvoren botn). Elvi frå Flårenden og opp til Kvestad lagar ein liten innsjø. På båe sidor var det uframkomeleg til lands. Når dei kom til Sandnes, kunne dei ro i land der. Her låg Eikjehuset. Vidare rodde dei oppover til Mo, ytst i Kvestadjordet. Her var Naustret, og herifrå kunne ein reisa landevegen. Bryggja står enno, på dei andre stadene er alle spor etter naust borte, men stadnemningane vil framleis vere ei påminning om dei.[1]
Referansar
- ↑ Dreng Uppstad: Nokre stadnamn frå Valle i Setesdal 1939, side 65.