John Dalane: Skilnad mellom versjonar
s Rettet i tegnsetting |
s Geir Daasvatn flyttet siden John Dalene til John Dalane: Rettet skrivemåten i etternavnet |
(Ingen skilnad)
| |
Versjonen frå 23. juli 2016 kl. 08:25
| John Dalane | ||
|---|---|---|
| Født: | 29. januar 1876 | |
| Død: | 13. september 1971 (95 år) | |
John Dalene (fødd 29. januar 1876 i Iveland, død 13. september 1971 i Evje) var handelsmann og drosjesjåfør i Evje i ei årrekkje. Han er gravlagd på Evje kyrkjegard. Han var gift med Borghild Dalene (fødd Fatnes) frå Ryfylke, og var far til sju born.
Dalene var son til Syvert Syvertsen, som var bonde. Men John var ikkje den eldste sonen, og måtte finne seg eit anna yrke enn bondeyrket. Som 20-åring reiste han difor til Oslo for å gå på handelsskule. Etter at utdanninga var ferdig, starta han som forretningsmann. Han var først styrar av forbruksforeininga på Birkeland. Så flytta han til Mykland for å styre handelslaget der. Men dei fleste av arbeidsåra la han ned i Evje. Her vart han styrar av eit aksjeselskap som dreiv forretning i tre hus etter tur. Han sette mellom anna opp huset "Fritun" på eigedomen der Evje Samvirkelag seinare kom, og der Coop Extra ligg i dag.
Då eldste dottera hans vart vaksen, overtok ho ein del av arbeidet i forretninga. John Dalene, som med det fekk litt ledig tid, starta då opp med drosjekøyring. Han kjøpte seg ein bil, og vart etter det ein veit den første drosjesjåføren i Evje. Etter ei stund slutta han heilt som handelsmann, og ofra seg for drosjekjøyringa. Han hadde mellom anna fast kjøyring for ingeniørane frå Evje nikkelverk opp til Flåt nikkelgruve i Flatebygd.
Dei siste åra før han døydde budde John Dalene på Hornnesheimen.
Kjelder
- Torbjørn Hansen, Heidersmann frå Evje blir 90 år laurdag, artikkel i Fædrelandsvennen, januar 1966
- Anfinn Lislevand, Historia og mine minne frå Evje Torg - "Torvet", artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2013, s. 14-25