Ose Matmarknad: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
bilde |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 12: | Line 12: | ||
[[Kategori:Kultur i Bygland]] | [[Kategori:Kultur i Bygland]] | ||
[[Kategori:Arrangement i Bygland]] | |||
Versjonen frå 11. juli 2016 kl. 08:47

Foto: Ragnhild Sordal
Ose Matmarknad vert arrangert andre helga i juli. Arrangør er Ose Mat og Kultur, og arrangementet har gått kvart år sidan 1995. Det er ein marknad basert på tradisjon innan mat, husflid, kunsthandverk og antikvitetar.
Alle salsbodene ligg samla i det lille sentrumet i Ose, rammet inn av den gamle Storstoga, eit toetasjes laftebygg, Ose Turistheim, Ose Ullvare, Storstoga Kro, Ose grendehus og Coop Marked Ose. Som regel er det godt ver under arrangementet, og det kjem ofte to-tre tusen menneske for å smake på tradisjonsmat ein kan få kjøpt: Korv, med komle eller poteter, Setesdalssuppe, komper, spekemat og rømmegrøt.
Kjelde
- Helene Horverak: Ose Matmarknad. Artikkel i Setesdølen nr. 52, 2011 side 3