Auensneset: Skilnad mellom versjonar
s Rettet tegnsetting |
s Endret litt på kategori |
||
| Line 12: | Line 12: | ||
{{kart|58.550233560789884,7.779745099833235}} | {{kart|58.550233560789884,7.779745099833235}} | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Stadnamn i Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 26. desember 2015 kl. 23:26

Auensneset er eit nes som stikk ut i innsjøen Breiflå i Otra i Hornnes. På Auensneset ligg Mineralparken.
Ytterst på neset er det ei lita høgde. Denne vart tidlegare mykje kalla «Paradis», og var ein populær opphaldsstad for ungdom i bygda. Vesla Nomeland, som var elev ved Hornnes landsgymnas og seinare vart lærar der, har skrive nokre mykje vakre ord om Paradis i Jol i Setesdal:
« - Paradis" er ei lita slette på ein knaus som skrånar bratt ned mot elva der ho renn brei og still forbi, kransa av vikar og sund, med små øyar og holmar som brot i den vide vassflata. I skyminga vert bålet tent, og glade røyster, lått og trekkspelmusikk lyder i kveldsstilla. Til ergrelse for sume bygdefolk kanskje, som er redde for å få nattesvevnen øydelagt når den glade skare omsider bryt opp utpå morgonsida, - og sjeldan er særleg lågmælde der dei dreg heim kvar til seg for å få nokre timars svevn før neste skuledag. Men for den som er ung og glad er det velsigna å få lufte vinteren ut av kroppen, danse seg gjennom ei kort vårnatt frå sola går ned, og blå skumring kviler over Paradis, til himmlen raudnar over åsane i aust og varslar ein ny dag.»
Kjelder
- Vesla Nomeland, Noko av det ein opplever ved Hornnes landsgymnas, artikkel i Jol i Setesdal 1964, s. 13-15