Nomeland (Valle gnr 47): Skilnad mellom versjonar
s Lagt til kategori |
s Rettet skrivefeil i årstall |
||
| Line 5: | Line 5: | ||
== Nomelandskyrkja == | == Nomelandskyrkja == | ||
Nord for sjølve garden ligg ein gamal kyrkjegard. I katolsk tid var områda på vestsida av Otra eige kyrkjesokn. Det stod ei kyrkje på Nomeland då, truleg ei stavkyrkje. Ho kan ha vore i bruk frå slutten av 1000-talet og fram til reformasjonen (1536). Nokre materialar frå denne kyrkja skal vere brukt av Åsmund Rygnestad då han sette opp «trihågloptet» på [[Rygnestad]] i andre halvdelen av | Nord for sjølve garden ligg ein gamal kyrkjegard. I katolsk tid var områda på vestsida av Otra eige kyrkjesokn. Det stod ei kyrkje på Nomeland då, truleg ei stavkyrkje. Ho kan ha vore i bruk frå slutten av 1000-talet og fram til reformasjonen (1536). Nokre materialar frå denne kyrkja skal vere brukt av Åsmund Rygnestad då han sette opp «trihågloptet» på [[Rygnestad]] i andre halvdelen av 1500-talet. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 2. desember 2015 kl. 18:19
Nomeland (gnr. 47) er ein gard i Valle. Han ligg på vestsida av Otra, under Nomelandsfjellet, nord for Steinsland og sør for Dale.
Historie
Det er gjort mange arkeologiske funn på garden. Det er gjort gravfunn både frå folkevandringstida (400-600 e.Kr.) og yngre jernalder (600-1050 e.Kr.). Det er også to gravhaugar på garden. Den største er 3-4 meter høg og med eit tverrmål på omlag 25 meter. Han er den største som er kjend i Valle. Det har såleis vore folk på garden lenge, kanskje alt frå folkevandringstida.
Nomelandskyrkja
Nord for sjølve garden ligg ein gamal kyrkjegard. I katolsk tid var områda på vestsida av Otra eige kyrkjesokn. Det stod ei kyrkje på Nomeland då, truleg ei stavkyrkje. Ho kan ha vore i bruk frå slutten av 1000-talet og fram til reformasjonen (1536). Nokre materialar frå denne kyrkja skal vere brukt av Åsmund Rygnestad då han sette opp «trihågloptet» på Rygnestad i andre halvdelen av 1500-talet.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 604-685