Hopp til innhald

Ivelandsveggen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Ivelandsveggen
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Birketveit - Iveland 300615-2.jpg|miniatyr|høyre|Ivelandsveggen ved innkøyringa til kommunesenteret Birketveit. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Ivelandsveggen''' er ein avsaga fjellknaus, ei fjellskjering, ved innkøyringa til kommunesenteret [[Birketveit]] i [[Iveland]]. Fjellknausen er eit eineståande vakkert geologisk snitt, og syner dei mest typiske bergartane i mineralkommunen Iveland og deira opptreden på ein illustrerande måte.
'''Ivelandsveggen''' er ein avsaga fjellknaus, ei fjellskjering, ved innkøyringa til kommunesenteret [[Birketveit]] i [[Iveland]]. Fjellknausen er eit eineståande vakkert geologisk snitt, og syner dei mest typiske bergartane i mineralkommunen Iveland og deira opptreden på ein illustrerande måte.



Versjonen frå 25. november 2015 kl. 10:03

Ivelandsveggen ved innkøyringa til kommunesenteret Birketveit.

Ivelandsveggen er ein avsaga fjellknaus, ei fjellskjering, ved innkøyringa til kommunesenteret Birketveit i Iveland. Fjellknausen er eit eineståande vakkert geologisk snitt, og syner dei mest typiske bergartane i mineralkommunen Iveland og deira opptreden på ein illustrerande måte.

Kjernen i berggrunnen i Iveland er ein type gabbro som størkna djupt nede i jordskorpa for nesten 1200 millionar år sidan. Då området seinare kom med i ein fjellkjede vart mykje av gabbroen omdanna til den svarte bergarten amfibolitt. Det er den ein kan sjå i dei aller mørkaste felta i Ivelandsveggen.

Geolog Ole Fridtjof Frigstad ved Agder Naturmuseum og botanisk hage har oppsummert den vidare utviklinga som Ivelandsveggen tydeleg viser slik:

  • Mørk opphaveleg amfibolitt
  • Båndgneis danna under røyrsler i jordskorpa
  • Deformasjon med folding
  • Røyrsler som delte opp bergarten i linser
  • Inntrenging av magma som størkna til granittårer
  • Smelterestar som danna pegmatitt
  • Stiv oppsprekking

Kjelder