Bygdeborga på Urdalsfjell: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks Horgeknipen
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde av borgmuren
Line 1: Line 1:
[[Fil:Urdalsfjell Åvesland Evje bygdeborg 051115.jpg|miniatyr|høyre|Her ser ein tydeleg den sammenrasa muren som strekker seg mange meter bortover i terrenget rett under toppen av Urdalsfjellet. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Bygdeborga på Urdalsfjell''' var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på [[Urdalsfjell]] på [[Åvesland]] mellom [[Flatebygd]] og [[Gautestad]] i [[Evje og Hornnes]]. Det er minst fire kjende slike bygdeborger i kommunen: På [[Kleveknuten]] på [[Hannås]], på [[Horgeknipen]] på [[Senum]], på [[Kallshovet]] på [[Kallhovd]] og altså på Urdalsfjell. Det er vanlig oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå folkevandringstid og sein romartid, kanskje rundt år 350 - 550 e.Kr.<ref>[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, side 50-51</ref>  

Versjonen frå 5. november 2015 kl. 23:48

Her ser ein tydeleg den sammenrasa muren som strekker seg mange meter bortover i terrenget rett under toppen av Urdalsfjellet.

Bygdeborga på Urdalsfjell var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på UrdalsfjellÅvesland mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes. Det er minst fire kjende slike bygdeborger i kommunen: På KleveknutenHannås, på HorgeknipenSenum, på KallshovetKallhovd og altså på Urdalsfjell. Det er vanlig oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå folkevandringstid og sein romartid, kanskje rundt år 350 - 550 e.Kr.[1]

Bygdeborga på Åvesland er den der det meste av borgmuren ennå er å sjå. Muren ligg på nordsida av fjellet, og strekker seg 60-70 meter i aust-vestleg retning. Midt på har det vore ein opning for menneskje og dyr. Borga må ha vore god å forsvare. Fjellet er stupbratt på alle kantar, med unnatak for nordsida der muren ligg. Det må ha vore litt av eit arbeid å transportere all steinen til muren opp på fjellet. Anlegget har sjølvsagt vore kjend av folk i lokalmiljøet. Men det var lokalhistorikaren Sigmund Monen som fekk det registrert som bygdeborg så seint som i 1984.[2]

Bygging, vedlikehald og vakthald må ha krevd stort mannskap og ei form for fast organisasjon. Trulig måtte folk samle seg på lokale bygdeting for å bli einige om slike prosjekt og korleis dei skulle gjennomførast. Det må derfor etter alt å døme ha budd ganske mange folk fast på Åvesland og gardane omkring alt i folkevandringstida.[3]

Referansar

<references>

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 50-51
  2. Kultursoge for Evje og Hornnes, side 50
  3. Kultursoge for Evje og Hornnes, side 51