Bispestolane: Skilnad mellom versjonar
s Bilde av ein av stolane |
s Bilde av dei tre Bispestolane |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Bispestolane Kalland Hornnes 101015.JPG|miniatyr|høyre|Den eine av Bispestolane. {{Byline| | [[Fil:Bispestolane Kalland Hornnes 101015 (3).jpg|miniatyr|høyre|Bispestolane. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Bispestolane Kalland Hornnes 101015.JPG|miniatyr|høyre|Den eine av Bispestolane. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | |||
'''Bispestolane''' er eit kulturminne, tre oppmura steinstolar, på [[Tellaugheia]] mellom gardane [[Espetveit]] og [[Kalland]] sør-vest i [[Evje og Hornnes]]. Frå [[Abusdalsvegen]] kan ein følge skogsbilvegen [[Bispevegen (Hornnes)|Bispevegen]] ca 1,5 km sørover fram til Bispestolane. Dei ligg nær ein parkeringsplass for hyttefeltet i området, og er svært lett tilgjengelege for folk flest. Kulturminnet er ikke skilta eller merka på annan måte av kommunen. Men velforeninga i hyttefeltet har på eige initiativ sett opp eit informasjonsskilt. | '''Bispestolane''' er eit kulturminne, tre oppmura steinstolar, på [[Tellaugheia]] mellom gardane [[Espetveit]] og [[Kalland]] sør-vest i [[Evje og Hornnes]]. Frå [[Abusdalsvegen]] kan ein følge skogsbilvegen [[Bispevegen (Hornnes)|Bispevegen]] ca 1,5 km sørover fram til Bispestolane. Dei ligg nær ein parkeringsplass for hyttefeltet i området, og er svært lett tilgjengelege for folk flest. Kulturminnet er ikke skilta eller merka på annan måte av kommunen. Men velforeninga i hyttefeltet har på eige initiativ sett opp eit informasjonsskilt. | ||
Versjonen frå 10. oktober 2015 kl. 21:05

Bispestolane er eit kulturminne, tre oppmura steinstolar, på Tellaugheia mellom gardane Espetveit og Kalland sør-vest i Evje og Hornnes. Frå Abusdalsvegen kan ein følge skogsbilvegen Bispevegen ca 1,5 km sørover fram til Bispestolane. Dei ligg nær ein parkeringsplass for hyttefeltet i området, og er svært lett tilgjengelege for folk flest. Kulturminnet er ikke skilta eller merka på annan måte av kommunen. Men velforeninga i hyttefeltet har på eige initiativ sett opp eit informasjonsskilt.
Det blir fortalt at det var skyss-skifte mellom honndølane og bjelldølane ved Bispestolane når dei skyssa biskopen i eldre tid. Dei som først kom fram, sette seg i steinstolane for å kvile til folka frå den andre sida kom. Tidleg på 1700-talet byrja ferdsla å ta andre og meir kjente vegar mellom desse to bygdene. Bispestolane må derfor etter alt å døme minst vere frå 1600-talet.
Kjelder
- Kulturplan for Evje og Hornnes 2010-2020, vedtatt av Evje og Hornnes kommunestyre 12. november 2010, side 21
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 278
- Om Bispestolane på Ut.no