Hallandsfossen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Liten presisering i bildetekst
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Litt mer om jettegrytene
Line 6: Line 6:
Fossen var ein flaskehals i elva før reguleringa. Når det var mykje nedbør eller snøsmelting, steig vatnet så mykje at det vart flaum i bygda. På det meste kunne jorda liggje under vatn heilt opp til den gamle riksvegen gjennom bygda. 17.-18. juni 1933 gjekk elva 8 meter over normal vasstand. Alt i 1770-åra skal presten Gjellebøl ha fått bøndene med på å grave av jorda på ei lita øy som låg i opninga av fossen. Det er den første reguleringa ein kjenner til av Otra i øvre delen av [[Setesdal]]. Seinare, i 1860-åra, arbeidde både sokneprest [[Magnus Falkenberg]] og etterfølgaren [[Peter Blom]] for å få senka elveløpet. Med støtte frå Statens nydyrkningsfond (Elverenskningsfondet), og private bidrag frå bøndene på båe sider av elva, vart dette arbeidet gjort på siste halvdel av 1860-talet, slik at flaumskadane ikkje skulle verte så store.  

Etter kraftverksutbygginga på 1960-talet har Hallandsfossen minstevassføring. Ein kan difor lett sjå korleis vatnet gjennom tusentals år har grave seg djupt ned i den harde gråsteinen, slik at elveløpet i den nedre delen av fossen er mest bare som ei smal skore i fjellet. Det trange gjelet er restar etter ei rekkje nedslipa jettegryter. Berget ved sida av fossen er blankskurt og svært glatt, så det er hengt opp fareskilt og livbøyar fleire stader på begge sider av fossen.  
Etter kraftverksutbygginga på 1960-talet har Hallandsfossen minstevassføring. Ein kan difor lett sjå korleis vatnet gjennom tusentals år har grave seg djupt ned i den harde gråsteinen, slik at elveløpet i den nedre delen av fossen er mest bare som ei smal skore i fjellet. Det trange gjelet er restar etter ei rekkje nedslipa jettegryter. Også i området rundt sjølve elveløpet er det mange veluyvikla jettegryter, som har blitt til i tidlegare år då vassføringa i fossen var mykje større. Berget ved sida av fossen er blankskurt og svært glatt, så det er hengt opp fareskilt og livbøyar fleire stader på begge sider av fossen.  

Hallandsfossen og den gamle Hallandsbrua var truleg eit av dei mest populære fotomotiva i Setesdal i eldre tider. Den kjende fotografen [[:no:Anders Beer Wilse|Anders Beer Wilse]] er mellom dei som har teke berømte bilete her. [[:no:Axel Lindahl|Axel Lindahl]] har også motiv herfrå.   

Versjonen frå 27. september 2015 kl. 20:55

Hallandsfossen før reguleringa.
Fil:Hallandsfossen Valle 260915.jpg
Øvre del av Hallandsfossen i 2015.
Fil:Otra Hallandsfossen Valle 260915.jpg
Enorme krefter har i mange tusen år grave seg djupt ned i fjellet. Når det er minstevassføring i Otra, som det oftast er, er elva kanskje bare ein meter brei her.
Foto: Geir Daasvatn

Hallandsfossen er ein foss i Otra heilt sør i Valle kyrkjebygd. Hallandsbrua går over fossen frå Harstad til Åmlid mellom Riksveg 9 og fylkeveg 331.

Fossen var ein flaskehals i elva før reguleringa. Når det var mykje nedbør eller snøsmelting, steig vatnet så mykje at det vart flaum i bygda. På det meste kunne jorda liggje under vatn heilt opp til den gamle riksvegen gjennom bygda. 17.-18. juni 1933 gjekk elva 8 meter over normal vasstand. Alt i 1770-åra skal presten Gjellebøl ha fått bøndene med på å grave av jorda på ei lita øy som låg i opninga av fossen. Det er den første reguleringa ein kjenner til av Otra i øvre delen av Setesdal. Seinare, i 1860-åra, arbeidde både sokneprest Magnus Falkenberg og etterfølgaren Peter Blom for å få senka elveløpet. Med støtte frå Statens nydyrkningsfond (Elverenskningsfondet), og private bidrag frå bøndene på båe sider av elva, vart dette arbeidet gjort på siste halvdel av 1860-talet, slik at flaumskadane ikkje skulle verte så store.

Etter kraftverksutbygginga på 1960-talet har Hallandsfossen minstevassføring. Ein kan difor lett sjå korleis vatnet gjennom tusentals år har grave seg djupt ned i den harde gråsteinen, slik at elveløpet i den nedre delen av fossen er mest bare som ei smal skore i fjellet. Det trange gjelet er restar etter ei rekkje nedslipa jettegryter. Også i området rundt sjølve elveløpet er det mange veluyvikla jettegryter, som har blitt til i tidlegare år då vassføringa i fossen var mykje større. Berget ved sida av fossen er blankskurt og svært glatt, så det er hengt opp fareskilt og livbøyar fleire stader på begge sider av fossen.

Hallandsfossen og den gamle Hallandsbrua var truleg eit av dei mest populære fotomotiva i Setesdal i eldre tider. Den kjende fotografen Anders Beer Wilse er mellom dei som har teke berømte bilete her. Axel Lindahl har også motiv herfrå.

Kjelder

Kart

Laster kart ...