Krossen: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Kilde |
s Kart |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Jørgen Moseid]], ''Hornnes'' i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, s. 427 | *[[Jørgen Moseid]], ''Hornnes'' i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, s. 427 | ||
== Kart == | |||
{{kart|58.58909679630393,7.800023459130898~Krossen Evje}} | |||
[[Kategori:Bustadfelt i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Bustadfelt i Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 23. juli 2015 kl. 15:57
Foto: Geir Daasvatn
Krossen er eit tettbygd strok på Birkeland i Evje og Hornnes kommune, rett over Otra for Evje sentrum. Busetnaden her vaks fram utover på 1900-talet. Det skuldast mykje den store verksemda ved Evje nikkelverk i denne tida. Fram til 1960 høyrde Krossen til Hornnes.
Ein kjem til Krossen frå Evje ved å følge Fennefossvegen over Birkelandsbrua. Frå Hornnes må ein ta av frå Riksveg 9 før Fennefossbrua, og følge Fennefossvegen forbi garden Fennefoss til Krossen. Frå Krossen til Gullsmedmoen vest for Byglandsfjord går Senumsvegen. Dette var ein del av hovudvegen gjennom Setesdal i eldre tider.
Mange av bustadane i Krossen ligg langs Alfred Skaiås veg. Rett nord for Krossen ligg dei nyare bustadfelta Bakkemoen og Bakken.
Kjelder
- Jørgen Moseid, Hornnes i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, s. 427