Hopp til innhald

Krossen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Liten rettelse om Senumsvegen
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Birkeland - Evje 011011.JPG|miniatyr|høyre|Krossen og Birkeland med Evje sentrum lenger bak. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Krossen''' er eit tettbygd strok på [[Birkeland]] i [[Evje og Hornnes kommune]], rett over [[Otra]] for [[Evje|Evje sentrum]]. Busetnaden her vaks fram utover på 1900-talet. Det skuldast mykje den store verksemda ved [[Evje nikkelverk]] i denne tida. Fram til 1960 høyrde Krossen til [[Hornnes]].   

Versjonen frå 14. juni 2015 kl. 09:19

Krossen og Birkeland med Evje sentrum lenger bak.

Krossen er eit tettbygd strok på Birkeland i Evje og Hornnes kommune, rett over Otra for Evje sentrum. Busetnaden her vaks fram utover på 1900-talet. Det skuldast mykje den store verksemda ved Evje nikkelverk i denne tida. Fram til 1960 høyrde Krossen til Hornnes.

Ein kjem til Krossen frå Evje ved å følge Fennefossvegen over Birkelandsbrua. Frå Hornnes må ein ta av frå Riksveg 9 før Fennefossbrua, og følge Fennefossvegen forbi garden Fennefoss til Krossen. Frå Krossen til Gullsmedmoen vest for Byglandsfjord går Senumsvegen. Dette var ein del av hovudvegen gjennom Setesdal i eldre tider.

Mange av bustadane i Krossen ligg langs Alfred Skaiås veg. Rett nord for Krossen ligg dei nyare bustadfelta Bakkemoen og Bakken.