Storøygardsvatnet: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Mange fritidsbustader
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Liten språkvask
Line 3: Line 3:
Vatnet høyrer til Høvringsvassdraget, som er regulert.
Vatnet høyrer til Høvringsvassdraget, som er regulert.


På slutten av 1960-talet var Storøygardsvatnet praktisk talt fisketomt, som dei andre vatna i vassdraget. I 1969 vart Prestøygard og Storøygard fiskelag danna, under leiing av kalkingspioneren [[Hans Kalleberg]]. Laget sette i gang eit storstilt kultiveringsprogram for å få fisken tilbake i vassdraget.
På slutten av 1960-talet var Storøygardsvatnet på det næraste fisketomt, som dei andre vatna i vassdraget. I 1969 vart Prestøygard og Storøygard fiskelag danna, under leiing av kalkingspioneren [[Hans Kalleberg]]. Laget sette i gong eit storstilt kultiveringsprogram for å få fisken tilbake i vassdraget.


== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 12. juni 2015 kl. 08:13

Storøygardsvatnet er eit vatn på heia (438 moh.), sør for Fylkesveg 306 (Gautestadvegen), mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Det heng saman med Prestøygardsvatnet i nord. På austsida av vatnet går det køyreveg inn til Vikstølvatnet og garden Vikstøl. Rundt vatnet ligg det mange fritidsbustader.

Vatnet høyrer til Høvringsvassdraget, som er regulert.

På slutten av 1960-talet var Storøygardsvatnet på det næraste fisketomt, som dei andre vatna i vassdraget. I 1969 vart Prestøygard og Storøygard fiskelag danna, under leiing av kalkingspioneren Hans Kalleberg. Laget sette i gong eit storstilt kultiveringsprogram for å få fisken tilbake i vassdraget.

Kjelder

Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 183-186