Flåt nikkelgruve: Skilnad mellom versjonar
s Linjeavstand |
→Første driftsperioden 1872 - 1894: litt om hvor dyp gruva var nå |
||
| Line 20: | Line 20: | ||
På byrjinga av 1890-talet blei konkurransen på nikkelmarknaden hardare. Arbeidet på [[Setesdalsbanen]] var komen i gang, og det var eindel utvandring til Amerika. Arbeidslønene blei pressa oppover. Vivian & Co fann drifta ulønnsam, og sa opp leigeavtalen.<ref>''[[Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk]]'', s. 9</ref> | På byrjinga av 1890-talet blei konkurransen på nikkelmarknaden hardare. Arbeidet på [[Setesdalsbanen]] var komen i gang, og det var eindel utvandring til Amerika. Arbeidslønene blei pressa oppover. Vivian & Co fann drifta ulønnsam, og sa opp leigeavtalen.<ref>''[[Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk]]'', s. 9</ref> | ||
Skråsjakta var no 150 meter lang, og ein var komen ned på 90 meter under bakken. | |||
== Andre driftsperioden 1899 - 1920 == | == Andre driftsperioden 1899 - 1920 == | ||
Versjonen frå 2. juni 2015 kl. 12:11

Flåt gruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes kommune. Ho vart etablert i 1844, då som koppargruve. Holet i fjellet der malmen var teken ut, blei kalla Koparhola. I 1872 blei selskapet Evje Nikkelverk AS formelt skipa, og same hausten kom gruva i drift som nikkelgruve. På slutten av 1800-talet var Flåt gruve den største nikkelgruva i Nord-Europa. I 1873 kom det smelteverk til Evje, Evje nikkelverk, og gruva og smelteverket var i drift til 1946.
Drifta fall i tre periodar:
- 1. periode: 1872-1894
- 2. periode: 1899-1920
- 3. periode: 1927-1946
Første driftsperioden 1872 - 1894
Infanterikaptein (seinare oberst) Ferdinand Henriksen var den drivande krafta då gruvedrifta starta opp hausten 1872. To svenskar, Jar og Wenerstrøm, skal saman med flatebygdingen Ådne N. Østerhus, ha vore dei som starta opp sjølve arbeidet. Men alt ved utgongen av 1872 var det 32 arbeiderar ved gruva.[1] Driftsmetodane var svært primitive den første tida. Det var stort sett handboring og krutt. I 1914 kom trykkluftboring.
I 1873 blei det bygd smeltehytte i Fossvik ved Fennefossen. Malmen frå gruva vart fram til 1909 frakta med hest ned til smeltehytta.[2] Vidare frå Evje måtte nikkelen fraktast først med båt to mil nedover Kilefjorden, så tre mil med hestekraft til Mosby, og til slutt ei mil på pråm igjen på Otra fram til Kristiansand.
Det var høgkonjuktur for nikkel først på 1870-talet. Talet på arbeidsfolk auka. Alt i 1874 var det 44 arbeidarar ved gruva. Dette sette spor etter seg i bondebygda Evje.[3] Men få år seinare kom eit stort omslag i etterspurnaden. Produksjonen sank til eit lavmål.
I 1883 blei gruva leigd bort til det britiske selskapet H. H. Vivien & Co. Britane dreiv gruva fram til 1894. Engelskmannen Alfred Merry styrde gruveanlegget i 1886-1886. Frå 1889 til 1894 var Gudbrand Henriksen, son til oberst Henriksen, direktør. Gruva gjekk jamt godt i dei åra ho var leigd ut.
På byrjinga av 1890-talet blei konkurransen på nikkelmarknaden hardare. Arbeidet på Setesdalsbanen var komen i gang, og det var eindel utvandring til Amerika. Arbeidslønene blei pressa oppover. Vivian & Co fann drifta ulønnsam, og sa opp leigeavtalen.[4]
Skråsjakta var no 150 meter lang, og ein var komen ned på 90 meter under bakken.
Andre driftsperioden 1899 - 1920
I 1899 vart Flåt-gruva sett i drift igjen. Sonen til oberst Henriksen, Gudbrand Henriksen, hadde det daglege ansvaret for drifta. Setesdalbanen hadde no kome til Evje. Transportutgiftene til og frå Kristiansand var kraftig redusert. Det gav grunnlag for ny lønsemd.[5]
Tredje driftsperioden 1927 - 1946
Ein hard arbeidsplass
Nikkelgruva, og det tilhøyrande Evje nikkelverk, var ein hard arbeidsplass. 18 menneskje omkom i arbeidsulukker i gruva eller på smelteverket, og mange vart hardt skadde. Det er reist ein minnestein over dei som omkom framføre den gamle gråsteinstippen i Flåt-gruva.
Nyare tid - besøksgruve
Etter at gruva var stengd i mange år, tok Reidar Kjetså opp arbeidet med å gjere Flåt gruve tilgjengeleg for publikum som ei besøksgruve. Men i 2012 sa han opp leigeavtalen på grunn av sterkt redusert besøkstal og skrantande økonomi i drifta, mellom anna var det eit tilsig av vatn på 3-4000 kbm i året. Gruva treng meir straum, og rust er eit problem å grunn av syrenivået i gruva. Om ho skulle halde fram som besøksgruve, måtte nytt anlegg for ljos og naudljos på plass. Samla kostnader for å få på plass det som mangla var kalkulert til 1,8 millionar, og difor foreslo rådmannen våren 2014 at gruva vart stengd og plombert.
Sjå også
- Olav Arne Kleveland har skrive utfyllande om gruvedrifta i heftet Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk.
- Minnesteinen ved Flåt gruve
Referanser
- ↑ Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2000, s. 5-6
- ↑ Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, s. 6
- ↑ Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, s. 9
- ↑ Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, s. 9
- ↑ Flot gruve - Evje nikkelverk, s. 10
Kjelder
- Ole Birger Lien: Evje-rådmannen vil stenge og forsegle Flåt gruve. Artikkel i Setesdølen nr. 38, 2014 side 15
- Olav Arne Kleveland: Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk. Hefte utgjeven av Evje og Hornnes Sogelag, 2000