Kilefjorden: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Liten språkvask
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Line 8: Line 8:
*[[Salve Øina]], ''[[Noke frå indre Agder]]'', 2014, s. 5-15
*[[Salve Øina]], ''[[Noke frå indre Agder]]'', 2014, s. 5-15


[[Kategori:Innsjøer i Aust-Agder]]
[[Kategori:Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Iveland]]
[[Kategori:Iveland]]
[[Kategori:Vennesla]]
[[Kategori:Vennesla]]

Versjonen frå 16. mars 2015 kl. 09:37

Kilefjorden er namnet på ei strekning av Otra, opphaveleg mellom garden Odderstøl i Iveland i nord og Kile-grenda i Vennesla i sør, seinare også mykje brukt om heile strekninga frå Gåseflå i Vennesla i sør til Fennefossen i Evje og Hornnes i nord. I daglegtalen vil dei fleste no truleg seie at Kilefjorden byrjar ved Kilefjorden Camping, om lag ved brua over Otra til Iveland, og endar på Kile. Sør for Kile, etter det tidlegare fossefallet Suva, vidar elva seg ut igjen og kallast Gåseflåfjorden.

I 1953 blei Gåseflådammen bygd i sørenden av Gåseflåfjorden, og vannspeilet her vart heva med 11 meter. Det blei eitt samanhangande vannspeil heilt frå dammen og opp til Fennefossen. Det er årsaka til at mange i dag vil nytte Kilefjorden som namn på heile denne strekninga.

Historisk har Kilefjorden vore ein viktig del av Otra. Dampbåten Bjoren trafikkerte strekninga mellom Frøysnesodden på Kile og Fennefossen i Evje og Hornnes frå 1867 til Setesdalsbanen kom i 1896.

Kjelder