Torvald Haavardstad: Skilnad mellom versjonar
s Rettet tegnsetting |
s Lagt til kategori |
||
| Line 21: | Line 21: | ||
[[Kategori:Ordførere i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Ordførere i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Kirkesangere]] | [[Kategori:Kirkesangere]] | ||
[[Kategori:Ordførere i Evje]] | |||
Versjonen frå 16. januar 2015 kl. 09:42
| Torvald Haavardstad | ||
|---|---|---|
| Født: | 20. november 1893 | |
| Død: | 9. mars 1965 (71 år) | |
Torvald Haavardstad (fødd 20. november 1893 i Evje og og død 9. mars 1965) var lærar, kyrkjesongar, ordførar og stortingsrepresentant. I ungdomen var han ein dugeleg idrettsmann. Han var son til lensmann Olav J. Haavardstad frå Iveland og Olaug Haavardstad (fødd Moi) frå Moi i Hornnes. Han var gift med Karen Haavardstad (fødd Øvrevik).
Haavardstad gjekk Setesdals ungdomsskule og tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1914. Han var først lærar i Kristiansand og Randaberg, og kom til Evje og blei lærar her frå 1919. Han vart verande i skuleverket i Evje heilt fram til han blei pensjonist. Han var konstituert skulestyrar ved Evje sentralskule frå 1954. I 1959 vart stillinga gjort om til skuleinspektør, og Haavardstad blei tilsett i denne. Han slutta i skulen i 1961.
I 1928 vart Haavardstad vald til ordførar i Evje kommune. Han representerte Arbeidarpartiet. Han sat i ordførarstolen til 1942, då han blei avsett av dei som då hadde makta i landet vårt. Etter krigen (1945) tok han igjen sete i ordførarstolen, og blei sitjande der til han døydde i 1965. Dei siste åra då som ordførar i den nye Evje og Hornnes kommune. I tida som ordførar var han også automatisk med i fylkestinget.
Haavardstad sat på Stortinget i åra 1931-1940 og 1950-1953, i til saman 14 år. Han er den evdølen som har site lengst i nasjonalforsamlinga vår. Samstundes heldt han fram i ordførarvervet heime i Evje. Han styrde møta når det var ferie eller han fekk permisjon frå Stortinget. Varaordførarane styrde møta når han ikkje kunne vere tilstades.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 261-261 og s. 337-338
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 401
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 9