Strauman: Skilnad mellom versjonar
Strøyman |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Strøyman - Hornnes 110814.JPG|miniatyr|høyre|Strøyman 2014. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Strøyman''' (Strømmene) er ein gard (gnr. 23) i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]], på vestbreidda av [[Otra]] mellom Hornnes og [[Moisund]]. Namnet skal visstnok kome av at Otra lagar straumar her. Garden blei mest truleg rydda rundt 1628. Det er mogeleg, før garden vart eigen gard, at området høyrde til [[Øvre Kjetså - Øvregarden]]. Frå 1628 til 1691 er han nemd som plass under [[Hannås]], men i alle fall frå 1660-talet med eige skyld. | '''Strøyman''' (Strømmene) er ein gard (gnr. 23) i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]], på vestbreidda av [[Otra]] mellom Hornnes og [[Moisund]]. Namnet skal visstnok kome av at Otra lagar straumar her. Garden blei mest truleg rydda rundt 1628. Det er mogeleg, før garden vart eigen gard, at området høyrde til [[Øvre Kjetså - Øvregarden]]. Frå 1628 til 1691 er han nemd som plass under [[Hannås]], men i alle fall frå 1660-talet med eige skyld. | ||
Versjonen frå 26. desember 2014 kl. 11:22
Strøyman (Strømmene) er ein gard (gnr. 23) i Hornnes i Evje og Hornnes kommune, på vestbreidda av Otra mellom Hornnes og Moisund. Namnet skal visstnok kome av at Otra lagar straumar her. Garden blei mest truleg rydda rundt 1628. Det er mogeleg, før garden vart eigen gard, at området høyrde til Øvre Kjetså - Øvregarden. Frå 1628 til 1691 er han nemd som plass under Hannås, men i alle fall frå 1660-talet med eige skyld.
Første kjende eigar av Strauman er Nils Strømmen. Han var fødd rundt 1614. Far hans, som ein ikkje kjenner namnet til, må då truleg ha vore han som rydda Strauman og sat som husmann der frå 1628.
I dag eig Arild Gjeitrem Strøyman. Han og kona har bygd seg nye og staselege hus på eigedomen. Det er ein del fritidsbustader i området.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 504 flg.