Gunnar O. Abusdal: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet tegnsetting
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Tegnsetting rettet
Line 1: Line 1:
[[Gunnar Olson Abusdal]] (fødd 1841, død 1903) var handelsmann i [[Dåsnes]] og lokalpolitikar i [[Hornnes]].
'''Gunnar Olson Abusdal''' (fødd 1841, død 1903) var handelsmann i [[Dåsnes]] og lokalpolitikar i [[Hornnes]].

I unge år var Gunnar Abusdal lærar. Men så tok han til med handel. Først hadde han landhandel på [[Moi]]. Men så kjøpte han fleire eigedomar i Dåsnes i 1884 og byrja med landhandel der. Eigedomen med dei opprinnelege husa han hadde blei teken att på odel. Han bygde då nye store hus på austsida av hovudvegen, som i den tida gjekk midt gjennom Dåsnes, og heldt fram med handelen. I desse svære husa er det framleis forretning, no daglegvarebutikken [[Joker Dåsnes]].

Versjonen frå 15. desember 2014 kl. 17:58

Gunnar Olson Abusdal (fødd 1841, død 1903) var handelsmann i Dåsnes og lokalpolitikar i Hornnes.

I unge år var Gunnar Abusdal lærar. Men så tok han til med handel. Først hadde han landhandel på Moi. Men så kjøpte han fleire eigedomar i Dåsnes i 1884 og byrja med landhandel der. Eigedomen med dei opprinnelege husa han hadde blei teken att på odel. Han bygde då nye store hus på austsida av hovudvegen, som i den tida gjekk midt gjennom Dåsnes, og heldt fram med handelen. I desse svære husa er det framleis forretning, no daglegvarebutikken Joker Dåsnes.

Straks før det blei vedteke å bygge Setesdalsbanen, slo Gunnar Abusdal til seg Jortveitmoen og også eit stykke utmark på Byglandsfjord. Han rekna med at det kom jarnbanestasjon i nærleiken av Dåsnes om jarnbanelina vart lagt på Hornnes-sida av Otra, eller at det kom endestasjon på Byglandsfjord om lina kom på austsida av elva. Etter at endestasjonen kom på Byglandsfjord, blei det selt fleire hustomter der. I Jortveitmoen kom Hornnes landsgymnas.

Gunnar Abusdal sat i kommunestyret i Hornnes i 1867-1871 og 1883-1897.

Kjelde