Evje og Hornnes Mållag: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Endret fra lokalforeining til lokallag
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Ekstern lenke: Noregs Mållag
Line 20: Line 20:


==Ekstern lenke==
==Ekstern lenke==
*Heimesida til Noregs Mållag
*[http://www.nm.no/index.cfm] Heimesida til Noregs Mållag




[[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Lag og foreninger]]
[[Kategori:Lag og foreninger]]

Versjonen frå 12. desember 2014 kl. 10:22

Evje og Hornnes Mållag er eit lokallag av Noregs Mållag, tilslutta Vest-Agder Fylkesmållag. Mållaget har til føremål å samla målfolk i Evje og Hornnes til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område, å auka kunnskapen om og vyrdnaden for nynorsken og dialektane våre, og å styrkja grunnlaget for den folkelege by- og bygdekulturen og verna om miljøet i bygda vår.

Mållaget gjev kvart år ut ein bygdekalendar. Laget samarbeider med dei andre mållaga i Setesdal, til dømes om utgjevinga av Jol i Setesdal kvart år før jol. Av andre aktivitetar kan nemnast eigen studiering, kulturkveldar og kulturreiser inn til hovudstaden.

Leiar i Evje og Hornnes Mållag er (2014) Ivar Haugen.

Historie

Det skal ha blitt stifta eit mållag i Hornnes kring 1918. Etter det ein veit var Gunnar Greibrokk den første formannen. Etter ein del år blei interessa for laget mindre, og det vart til slutt lagd ned.

Men så, 5. oktober 1954, blei det halde møte på Hornnes Landsgymnas etter opptak av Hans Årnes. Evje og Hornnes Mållag blei stifta, med Olav O. Uleberg som den første formannen. Evje og Hornnes var på denne tida ikkje slått saman til ein kommune. Men det vart eit felles mållag av den grunn at målrøyrsla stod heller svakt, og ikkje gav grunnlag for to skilde lag.

Det nye mållaget valde å knytte seg til Vest-Agder Fylkesmållag, men har som nemd hatt eit breitt samarbeid med dei andre mållaga i dalen. Jol i Setesdal kom ut med det første nummeret i 1961 i namnet til mållaga i Setesdal, og har kome ut kvart år sidan. Frå 1969 tok mållaga i Valle, Bygland og Evje og Hornnes over utgjevinga, og sidan kom òg Bykle og Iveland med.

Oppslutninga om mållaget har ikke vore særleg høg sidan "nystartinga" i 1954. Medlemstalet har halde seg på rundt 50 desse åra. Men om det ikkje har vore så mange medlemer, har aktiviteten i laget heile tida vore god.

Mellom leiarane for laget må Olav Arne Kleveland nemnast særskild. Han hadde meir enn 25 års fartstid som leiar for Evje og Hornnes Mållag.

Kjelde

Ekstern lenke

  • [1] Heimesida til Noregs Mållag