Torgeir Drengson Bjørnaraa: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Siri J (diskusjon | bidrag)
s Heider: typo
Siri J (diskusjon | bidrag)
s +bilete
Line 1: Line 1:
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag =8 | fmåned =4 | får =1864 | ddag =27 | dmåned =11 | dår =1951 }}
[[Fil:Torgeir Bjørnarå med familie.jpg|thumb|Torgeir D. Bjørnarå (1864-1951) og familien hans.Frå venstre: Tora (189 -1972), mor Aase Helene, fødd Landaas (1863-1954), Ragnar (1895-1986), Borghild (1901-1990), far Torgeir, Solveig (1903-1977) og Dagny (1894-1973). Me ser at Dagny har duskeluve på seg, noko me tek til å tyde at ho har teke artium den våren biletet vart teke. Om me seier at ho var 18 år, lyt det då vera frå sumaren 1912 eller 1913. Bilete frå [[Ingebjørg Vegestog]].]]
'''Torgeir Drengson Bjørnaraa''' (fødd i Hommelunden i [[Valle]] 8. april 1864<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=836&idx_id=836&uid=ny&idx_side=-47 Digitalarkivet.no: Valle, Ministerialbok nr. A 7 (1854-1868), Fødde og døypte 1864, side 45, nr. 21]  
''Torgeir Drengson Bjørnaraa''' (fødd i Hommelunden i [[Valle]] 8. april 1864<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=836&idx_id=836&uid=ny&idx_side=-47 Digitalarkivet.no: Valle, Ministerialbok nr. A 7 (1854-1868), Fødde og døypte 1864, side 45, nr. 21]  
</ref><ref>[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038171001000 Folketeljinga 1865 for 0940P Valle prestegjeld]</ref> og død 27. november 1951 i Asker) var naturforteljar, journalist og lærar. Han populariserte naturvitskap og vart den fremste naturskildraren på landsmål.
</ref><ref>[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038171001000 Folketeljinga 1865 for 0940P Valle prestegjeld]</ref> og død 27. november 1951 i Asker) var naturforteljar, journalist og lærar. Han populariserte naturvitskap og vart den fremste naturskildraren på landsmål.



Versjonen frå 10. desember 2014 kl. 13:53

Torgeir D. Bjørnarå (1864-1951) og familien hans.Frå venstre: Tora (189 -1972), mor Aase Helene, fødd Landaas (1863-1954), Ragnar (1895-1986), Borghild (1901-1990), far Torgeir, Solveig (1903-1977) og Dagny (1894-1973). Me ser at Dagny har duskeluve på seg, noko me tek til å tyde at ho har teke artium den våren biletet vart teke. Om me seier at ho var 18 år, lyt det då vera frå sumaren 1912 eller 1913. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Torgeir Drengson Bjørnaraa' (fødd i Hommelunden i Valle 8. april 1864[1][2] og død 27. november 1951 i Asker) var naturforteljar, journalist og lærar. Han populariserte naturvitskap og vart den fremste naturskildraren på landsmål.

Biografi

Han tok eksamen ved Kristiansand seminar i 1883 og var journalist og lærar mange stader i mange år. Han arbeidde i redaksjonen til Fedraheimen, var huslærar hjå Lars Liestøl då han og huslyden hans flytte til Oslo og lærar ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord. I 1890 starta han bladet Sæbyggjen i Kristiansand. Frå 1909-29 var han overlærar på Stord lærarskule. Han var med i mange lag og organisasjonar og var stortingskandidat for Arbeidarpartiet i 1909 og 1912.

Med sine gode forteljingar og artiklar vart han den fremste naturforteljaren på landsmål. I 23 år skreiv han kvar laurdag ei dyresoge i bladet Socialdemokraten. Han skreiv elles mykje i nynorske blad, og frå dette samla han 10 bind Dyresogor (1916-25).

Bjørnarågåva er eit fond han oppretta til minne om foreldra Tora Paulsdotter Haugen og Dreng Tarjesen Bjørnaraa.[3]

I 1938 tok han initiativet til Setesdalsmuseet, og han gav samlingane sine til museet og Valle kommune. Før noverande museum vart bygt var denne bokgåva grunnstamma for Valle folkebibliotek. Det var visst over 4000 bind.

Heider

Han var æresmedlem i «The National Geographic Society» i USA.

Kjelder:

  • Ottar Grepstad: «Viljen til språk», Allkunne, Fedraheimen.