Senum: Skilnad mellom versjonar
Litt om Svenke Senum |
Tillegg om fornminner og Gullsmedmoen |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Senum 180710.jpg|miniatyr|Senum-garden ligg vakkert til på vestsida av fjorden. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Senum 180710.jpg|miniatyr|Senum-garden ligg vakkert til på vestsida av fjorden. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Senum''' er ein gard (gnr. 1) på vestsida av [[Byglandsfjorden]], lengst nord-vest i [[Evje og Hornnes kommune]]. I nord grenser garden til [[Horverak]] i [[Bygland kommune]], i sør til [[Holtet]] i Evje og Hornnes kommune. Bruka og husa i garden ligg vakkert til ved breidda av Byglandsfjorden, med bratte fjell og svære heievidder bak seg (mot vest). Oluf Rygh i ''Norske Gaardnavne'' meiner namnet kjem av gamalnorsk ''sina'', visna gras, og at det er eit "heim"-namn. Ein reknar med at "heim"-gardane kan gå ned mot Kristi fødsel. Senum kan altså vere ein svært gamal gard. Andre forklaringar på namnet kan i følge [[Oddmund Mogstad]] kanskje vere at det er ei samandraging av *Senhom eller ein dativ fleirtal av "sen". | '''Senum''' er ein gard (gnr. 1) på vestsida av [[Byglandsfjorden]], lengst nord-vest i [[Evje og Hornnes kommune]]. I nord grenser garden til [[Horverak]] i [[Bygland kommune]], i sør til [[Holtet]] i Evje og Hornnes kommune. Bruka og husa i garden ligg vakkert til ved breidda av Byglandsfjorden, med bratte fjell og svære heievidder bak seg (mot vest). Oluf Rygh i ''Norske Gaardnavne'' meiner namnet kjem av gamalnorsk ''sina'', visna gras, og at det er eit "heim"-namn. Ein reknar med at "heim"-gardane kan gå ned mot Kristi fødsel. Senum kan altså vere ein svært gamal gard. Andre forklaringar på namnet kan i følge [[Oddmund Mogstad]] kanskje vere at det er ei samandraging av *Senhom eller ein dativ fleirtal av "sen". | ||
Mellom Senum og Horverak ligg fjelltoppen [[Horgeknipen]]. Her var det heilt tilbake i folkevandringstida ei bygdeborg. I 1919 og 1970 blei det gjort svært interessante vikingtidsfunn på Senum-garden. Funnet i 1919 var eit sverd av jern. 50 år seinare, i 1969, fann ein først ei øks, eit ljåbrot og fire pilespissar. Universitetets Oldsakssamling sette då (1970) i verk utgravingar på staden, og fann to gravminne frå vikingtida. Ein trur den eine grava er frå andre halvdel av 800-talet, og den andre frå 900-talet. I Kultursoga for Evje og Hornnes heiter det at det er all grunn til å tru at jorda på Senum enno gøymer mange fine og interessante kulturminne frå vikingtida. | |||
Den første mannen ein finn namnet til i lensreknskapen på Senum (1610), er [[Svenke Senum]]. I Gards- og ættesoga for Hornnes heiter det at han utan samanlikning var den rikaste mannen i Hornnes på den tid. | Den første mannen ein finn namnet til i lensreknskapen på Senum (1610), er [[Svenke Senum]]. I Gards- og ættesoga for Hornnes heiter det at han utan samanlikning var den rikaste mannen i Hornnes på den tid. | ||
På første halvdel av 1700-talet levde ein Anders Nilsson på ein husmannsplass på [[Senumsmoen]]. Truleg var han ein slags gullsmed, for seinare vart Senumsmoen heitande [[Gullsmedmoen]]. | |||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*Oddmund Mogstad, ''Gardsnamn i Hornnes'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2006, s. 33 | *Oddmund Mogstad, ''Gardsnamn i Hornnes'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2006, s. 33 | ||
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 9-43 | *[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 9-43 | ||
*[[Olav O. Uleberg]] og [[Olav Arne Kleveland]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 54-56 | |||
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 22. november 2014 kl. 10:27

Senum er ein gard (gnr. 1) på vestsida av Byglandsfjorden, lengst nord-vest i Evje og Hornnes kommune. I nord grenser garden til Horverak i Bygland kommune, i sør til Holtet i Evje og Hornnes kommune. Bruka og husa i garden ligg vakkert til ved breidda av Byglandsfjorden, med bratte fjell og svære heievidder bak seg (mot vest). Oluf Rygh i Norske Gaardnavne meiner namnet kjem av gamalnorsk sina, visna gras, og at det er eit "heim"-namn. Ein reknar med at "heim"-gardane kan gå ned mot Kristi fødsel. Senum kan altså vere ein svært gamal gard. Andre forklaringar på namnet kan i følge Oddmund Mogstad kanskje vere at det er ei samandraging av *Senhom eller ein dativ fleirtal av "sen".
Mellom Senum og Horverak ligg fjelltoppen Horgeknipen. Her var det heilt tilbake i folkevandringstida ei bygdeborg. I 1919 og 1970 blei det gjort svært interessante vikingtidsfunn på Senum-garden. Funnet i 1919 var eit sverd av jern. 50 år seinare, i 1969, fann ein først ei øks, eit ljåbrot og fire pilespissar. Universitetets Oldsakssamling sette då (1970) i verk utgravingar på staden, og fann to gravminne frå vikingtida. Ein trur den eine grava er frå andre halvdel av 800-talet, og den andre frå 900-talet. I Kultursoga for Evje og Hornnes heiter det at det er all grunn til å tru at jorda på Senum enno gøymer mange fine og interessante kulturminne frå vikingtida.
Den første mannen ein finn namnet til i lensreknskapen på Senum (1610), er Svenke Senum. I Gards- og ættesoga for Hornnes heiter det at han utan samanlikning var den rikaste mannen i Hornnes på den tid.
På første halvdel av 1700-talet levde ein Anders Nilsson på ein husmannsplass på Senumsmoen. Truleg var han ein slags gullsmed, for seinare vart Senumsmoen heitande Gullsmedmoen.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 33
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 9-43
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 54-56