Minnesteinen ved Flåt gruve: Skilnad mellom versjonar
s lenkefiks |
s Lagt til kategori "Bautaer" |
||
| Line 32: | Line 32: | ||
[[Kategori:Gruver]] | [[Kategori:Gruver]] | ||
[[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Bautaer]] | |||
Versjonen frå 4. november 2014 kl. 00:44

Minnesteinen ved Flåt gruve er reist til minne om dei som omkom i arbeidsulukker i Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk 1872-1946. Det var i alt 18 menn som sette livet til i desse ulukkene.
Det er Evje og Hornnes Sogelag som har reist steinen. Det er ein enkel stein ut av fjellet dei arbeidde i. Han er plassert innmed den gamle gråsteinstippen, som i dag er eit av dei siste handfaste minna om det slit som ein gong var.
Minnesteinen vart avduka ved ei høgtideleg tilstelning sundag 9. september 2001. Det var ei gripande høgtidsstund. 350 menneske var møtt fram. Leiar i sogelaget på den tid, Bernt Gautestad, heldt tale. Tormod Kjebekk tok duken bort frå minnesteinen. Tormod er son til den siste som omkom i gruva, Ole E. Kjebekk. Etter avdukinga la den siste attlevande ektefellen til nokon av dei omkomne, Tordis Kjetså, ned blomekrans ved bautaen. Tordis var gift med Tellef Nilsen Håkedal. Han omkom 17. oktober 1940. Dotter til Tordis Kjetså, Nora Andersen, gav blomar til leiaren av sogelaget som takk frå slektningane til dei omkomne, for arbeidet med å reise minnesteinen. Ordførar Bjørn Ropstad i Evje og Hornnes kommune var tilstades. Kommunen hadde teke på seg ansvaret for framtidig vedlikehald av steinen. Bernt Gautestad takka ordføraren for dette, og overlot ansvaret for steinen til kommunen.
Dei omkomne
- Torjus Nilsen
- Ole T. Nordbø
- Eivind Aasmundsen Landstveit
- Petter Kraft
- Tarald Jensen Frigstad
- Jacob Rosef
- Bernt Olsen Varmebrokk
- Per Sahlin
- Johan August Olsen
- Gunder A. Lien
- Anders Elof Kärrman
- Jans Georg Oskar Grosås
- Anders Olsen Senum
- Nils Mørk Nicolaysen
- Erling Olaus Grosås
- Sverre Gullesen
- Tellef Nilsen Håkedal
- Ole E. Kjebekk
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Avduking av minnesteinen, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2001, s. 6
- Bernt Gautestad, Tale ved avdukinga, trykt i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2001, s. 8-9.