Breistøl: Skilnad mellom versjonar
s Lenke til bilder av plassen |
s →Ekstern lenke: rette tegnsetting |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
==Ekstern lenke== | ==Ekstern lenke== | ||
* | *[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/sets/72157648814992055/ Bilete frå Breistøl på Flickr] | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 17. oktober 2014 kl. 09:57
Breistøl er ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså - Neregarden på Kjetså i Hornnes. Han ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av riksvegen noko før ein kjem til Tveit i Hornnes austfrå.
Plassen er nemd som øydegard i 1794. Den vidgjetne bjørneskyttaren Nils Olson Breistøl, som var fødd i 1808, er mellom dei som har budd på plassen. Ein annan er sonen til Nils Breistøl, Lars Bristol (Lars Nilsson Breistøl). Han var fødd i 1848, og flytta til England og tok Bristol til etternamn. Han vart ein kjend oppfinnar. Ein tredje er Lars Nilsson Breistøl, fødd 1846. Han var gift med Anna Jensdotter Breistøl (fødd 1861). Lars og Anna fekk 16 barn saman, og er opphavet til ei stor slekt på Kjetså og andre stader.
I dag er "gamle" Breistøl for lengst nedlagd. Men ein kan ennå sjå murane etter husa på staden.
Kjelde
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeven av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 390-394