Minnesteinen ved Flåt gruve: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Minnesteinen ved Flåt gruve
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivefeil
Line 16: Line 16:
*[[Johan August Olsen]]
*[[Johan August Olsen]]
*[[Gunder A. Lien]]
*[[Gunder A. Lien]]
*8[Anders Elof Kärrman]]
*[[Anders Elof Kärrman]]
*[[Jans Georg Oskar Grosås]]
*[[Jans Georg Oskar Grosås]]
*[[Anders Olsen Senum]]
*[[Anders Olsen Senum]]

Versjonen frå 16. oktober 2014 kl. 10:45

Minnesteinen ved Flåt gruve er reist til minne om dei som omkom i arbeidsulukker i Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk 1872-1946. Det var i alt 18 menn som sette livet til i desse ulukkene.

Det er Evje og Hornnes Sogelag som har reist steinen. Det er ein enkel stein ut av fjellet dei arbeidde i. Han er plassert innmed den gamle gråsteinstippen, som i dag er eit av dei siste handfaste minna om det slit som ein gong var.

Minnesteinen vart avduka ved ei høgtideleg tilstelning sundag 9. september 2001. Det var ei gripande høgtidsstund. 350 menneske var møtt fram. Dåverande leiar i sogelaget, Bernt Gautestad, heldt tale. Tormod Kjebekk tok duken bort frå minnesteinen. Tormod er son til den siste som omkom i gruva, Ole E. Kjebekk. Etter avdukinga la den siste attlevande ektefellen til nokon av dei omkomne, Tordis Kjetså, ned blomekrans ved bautaen. Tordis var gift med Tellef Nilsen Håkedal. Han omkom 17. oktober 1940. Dotter til Tordis Kjetså, Nora Andersen, gav blomar til leiaren av sogelaget som takk frå slektningane til dei omkomne, for arbeidet med å reise minnesteinen. Ordførar Bjørn Ropstad i Evje og Hornnes kommune var tilstades. Kommunen hadde teke på seg ansvaret for framtidig vedlikehald av steinen. Bernt Gautestad takka ordføraren for dette, og overlot ansvaret for steinen til kommunen.

Dei omkomne

Kjelder