Tor Hoslemo: Skilnad mellom versjonar
personmal |
fjerna lenke |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde =Tor Hoslemo.jpg | bildetekst = | fdag =2 | fmåned =8 | får =1992 | ddag = | dmåned = | dår = }} | {{Person | bilde =Tor Hoslemo.jpg | bildetekst = | fdag =2 | fmåned =8 | får =1992 | ddag = | dmåned = | dår = }} | ||
'''Tor Hoslemo''' (fødd 2. august 1992) er ein spelemann frå Bykle. Han er to gonger noregsmeister i hardingfele yngste klasse. Han har og vunne klassane sine på lokale kappleikar. Han har fått kulturstipend frå [[Bykle kommune]] både i 2004, 2008 og 2009. Han har og fått Aust-Agder fylke sitt kulturstipend på 30.000 kroner i 2007. Han har vore elev av alle dei fremste tradisjonsberarane i [[Setesdal]]. Dei viktigaste er [[Marton Laksesvela]] og [[Vidar Lande]], og etter kvart er det blitt mange konsertoppdrag rundt om i landet. | '''Tor Hoslemo''' (fødd 2. august 1992) er ein spelemann frå Bykle. Han er to gonger noregsmeister i hardingfele yngste klasse. Han har og vunne klassane sine på lokale kappleikar. Han har fått kulturstipend frå [[Bykle kommune]] både i 2004, 2008 og 2009. Han har og fått Aust-Agder fylke sitt kulturstipend på 30.000 kroner i 2007. Han har vore elev av alle dei fremste tradisjonsberarane i [[Setesdal]]. Dei viktigaste er [[Marton Laksesvela]] og [[Vidar Lande]], og etter kvart er det blitt mange konsertoppdrag rundt om i landet. | ||
Versjonen frå 4. oktober 2014 kl. 22:11
| Tor Hoslemo | ||
|---|---|---|
| Født: | 2. august 1992 (33 år) | |
Tor Hoslemo (fødd 2. august 1992) er ein spelemann frå Bykle. Han er to gonger noregsmeister i hardingfele yngste klasse. Han har og vunne klassane sine på lokale kappleikar. Han har fått kulturstipend frå Bykle kommune både i 2004, 2008 og 2009. Han har og fått Aust-Agder fylke sitt kulturstipend på 30.000 kroner i 2007. Han har vore elev av alle dei fremste tradisjonsberarane i Setesdal. Dei viktigaste er Marton Laksesvela og Vidar Lande, og etter kvart er det blitt mange konsertoppdrag rundt om i landet.
Utanom livet som spelemann har han teke utdanning innan byggteknikk på Blakstad videregående skole og påbyggingsår for å få studiekompetanse på Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes, der han var ferdig våren 2011. Hausten 2011 starta han så på folkemusikkutdanninga på Rauland.
I 2009 gav han ut plata Dalstroka innafor saman med Gard Nergaard frå Øyslebø og Johanne Flottorp frå Åmli. Plata vart gjeven ut av Agder Folkemusikkarkiv i samarbeid med Etnisk Musikklubb og markerte 10-årsjubileet for Agder Folkemusikkarkiv.
Han vann klasse B for hardingfele i 2012 og 2013, og rykka opp til klasse A i kappleikane. Han vann Setesdalskappleiken 2014 i klasse A.
Tor Hoslemo var den eine av tre medlemmer i gruppa Fjellfolk.
Kjelder
- Informasjon frå coveret til Dalstroka innafor side 2