Tarald Myrum: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
bytta bilde
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
lenke
Line 7: Line 7:
På garden driv han og kona [[Randi Gåserud Myrum]] melkeproduksjon og har som ein av dei fyrste i Setesdal fått installert melkerobot i fjøset. Dei har sonen [[Lars Tarald Myrum]]. Tarald Myrum er styreleiar i [[Setesdalstunet]] AS, eit selskap som eig fleire av bygningane ved [[Riksveg 9]] i Valle sentrum, mellom anna bygningen der [[Valle Radio]] held til.  

Tarald Myrum gjekk ut av Hornnes gymnas i 1973. Sidan studerte han på Norges Landbrukshøgskole, der han avslutta studiene i 1979.  
Tarald Myrum gjekk ut av [[Hornnes gymnas]] i 1973. Sidan studerte han på Norges Landbrukshøgskole, der han avslutta studiene i 1979.  

==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==

Versjonen frå 14. september 2011 kl. 13:11

Tarald Myrum

Tarald Myrum (fødd 19. september 1952) er bonde i Valle kommune. Han var ordførar i Valle frå 1992 til 1999, då Steinar Kyrvestad overtok vervet. Tarald Myrum representerer Senterpartiet i Valle og har også vore leiar av Aust-Agder Senterparti og medlem av Aust-Agder fylkesting for Senterpartiet. Der er han medlem av fylkesutvalet og leiar av fylkesvalgstyret.

I tillegg til politikken har han vore sterkt engasjert i Valle IL, der han har vore leiar ei årrekke. Han var pådrivar for å få reist Vallehalli medan han var ordførar. Sjølv er han aktiv på ski og har gått Sesilåmi ei rekke gonger og er med i leiinga av rennet.

På garden driv han og kona Randi Gåserud Myrum melkeproduksjon og har som ein av dei fyrste i Setesdal fått installert melkerobot i fjøset. Dei har sonen Lars Tarald Myrum. Tarald Myrum er styreleiar i Setesdalstunet AS, eit selskap som eig fleire av bygningane ved Riksveg 9 i Valle sentrum, mellom anna bygningen der Valle Radio held til.

Tarald Myrum gjekk ut av Hornnes gymnas i 1973. Sidan studerte han på Norges Landbrukshøgskole, der han avslutta studiene i 1979.

Eksterne lenker