Sigbjørn Kjetså: Skilnad mellom versjonar
heder |
kjelder |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Sigurd Haugsgjerd]]: ''80-åringen i skogen''. Sigbjørn kjetså i Hornnes frå jordbær og frukttre til vedhogst og snømåking.'' Artikkel i [[Setesdølen nr. 11, 2011]] side 6. | *[[Sigurd Haugsgjerd]]: ''80-åringen i skogen''. Sigbjørn kjetså i Hornnes frå jordbær og frukttre til vedhogst og snømåking.'' Artikkel i [[Setesdølen nr. 11, 2011]] side 6. | ||
*[[Helene Horverak]]: ''Til ståande applaus fekk Odd Harald Robstad og Sigbjørn Kjetså tildelt: Kongens fortenstmedalje i sølv'' | |||
{{DEFAULTSORT:Kjetså, Sigbjørn}} | {{DEFAULTSORT:Kjetså, Sigbjørn}} | ||
Versjonen frå 9. februar 2011 kl. 17:59
Sigbjørn Kjetså (fødd 8. februar 1931) er bonde på Hornnes. Han og broren Arnar Kjetså er mest kjende for jordbærdyrking. I mange år hadde dei jordbæråkrar der folk kunne kome på sjølvplukk, på det meste var det 220 mål med jordbær. Sidan satsa dei på moreller og plommer, morellene kallar han fiasko sjølv om han i 2011 framleis har 500 tre. Plommedyrkinga med 1500 tre har kasta meir av seg.
Dei første barneåra budde han på Fjellestad i Hornnes, men frå 1936 har familien budd like ved jernbanestastjonen på Hornnes. Som ung arbeidde han ei tid på sagbruket på Hornnes før han og broren starta å drive garden saman. I perioden dei dyrka jordbær, hadde dei og mange folk i arbeid når bæra skulle haustast. Ein periode dyrka dei og poteter.
I tillegg til å vere aktiv bonde, var Sigbjørn Kjetså også aktiv i Hornnes skyttarlag. Då Otrahallen vart bygd på 1980-talet, var han og svært aktiv i dugnadsarbeidet for å få denne reist.
Heder
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: 80-åringen i skogen. Sigbjørn kjetså i Hornnes frå jordbær og frukttre til vedhogst og snømåking. Artikkel i Setesdølen nr. 11, 2011 side 6.
- Helene Horverak: Til ståande applaus fekk Odd Harald Robstad og Sigbjørn Kjetså tildelt: Kongens fortenstmedalje i sølv