Evje og Hornnes kalender 2011: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
kat og lenker |
s flyttet Evje og Hornnes kalender til Evje og Hornnes kalender 2011 |
(Ingen skilnad)
| |
Versjonen frå 6. januar 2011 kl. 13:23
Kalenderen «Evje og Hornnes 2011 – folk og stader før og nå» er utgjeven av journalist og fotograf Ole Aa. Brattfjord. Dette er den tredje lokale kalenderen han står bak. Kalenderen er trykt i eit opplag på 500 eks, og ligg for sal hjå Setesdalen bokhandel på Evje. Kalenderen inneheld eit rikt utval bilete av stader og personar frå Evje og Hornnes kommune, og er også illustrert med gamle postkortmotiv. På kvart kalenderblad er det utfyllande tekster til alle bileta, med mykje lokalhistorie. Kalenderen er nærast som eit lokalahistorisk hefte å reikne.
Brattfjord har også gjeve ut kalender for 2007 i samarbeid med mållaget, og på eige hand gjeve ut kalenderen «Evjefolk 2008». Den vart raskt utseld, og er blitt eit lokalt samlarobjekt.