Sverre Lund: Skilnad mellom versjonar
Sverre Lund |
datert |
||
| Line 12: | Line 12: | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
*[http://valleradio.blogs.no/2008/12/03/finn-emanuel-og-internatmta-i-valle-5160182/ Harald Haugland: ''Finn Emanuel og Internatmøta i Valle''. Bloggen til Valle Radio] | *[http://valleradio.blogs.no/2008/12/03/finn-emanuel-og-internatmta-i-valle-5160182/ Harald Haugland: ''Finn Emanuel og Internatmøta i Valle''. Bloggen til Valle Radio 3. desember 2008] | ||
{{DEFAULTSORT:Lund, Sverre}} | {{DEFAULTSORT:Lund, Sverre}} | ||
[[Kategori:Personer fra Valle kommune]] | [[Kategori:Personer fra Valle kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1910]] | [[Kategori:Fødsler i 1910]] | ||
Versjonen frå 2. desember 2010 kl. 23:14
Sverre Lund (fødd 1. desember 1910) i Valle var handelsmann i Valle sentrum. Han bygde butikken sin i 1938 og var handelsmann der til 1982. Før han etablerte seg i Valle, hadde han arbeidd på butikkar både på Vatnestrøm og Birketveit i Iveland. Sidan kom han heim til Valle og arbeidde eit par år i butikken til onkelen Søren Lund før han fekk sin eigen butikk. I åra som handelsmann la han ned eit stort arbeid for KØFF på landsplan og regionalt plan. Han og kona Inger, som han var gift med i nesten 60 år, budde oppe på butikken i alle år, men då han avslutta, flytta han inn i nybygd hus i Leite.
Utanom jobben var Sverre Lund engasjert i mykje frivillig arbeid. Han var klokkar i Valle kyrkje i 32 år. Han var ei av eldsjelene i samband med dei årvisse internatmøta i Valle, eit tiltak som vart arrangert av indremisjonen i nærare 40 år. Han var ivrig leiar i yngresarbeid og anna arbeid på Valle Menighetshus. Han har og vore ivrig i arbeidet for å få bygd Skafså fjellkyrkje, som i dag er reist ved Hallbjønnsekken etter mykje dugnadsarbeid.
Inger og Sverre hadde fire born.
Bibliografi
- Valle indremisjon 100 år 6. januar 1892- 6. januar 1992 ISBN 82-992468-0-6
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: 100 år i morgon Artikkel i Setesdølen nr. 98, 2010, tysdag 30. november 2010 side 9