Hopp til innhald

Alfred Ugland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet tegnsettig
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Føyd til kategorier
Line 15: Line 15:
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Jurister]]
[[Kategori:Jurister]]
[[Kategori:Fødsler i 1914]]
[[Kategori:Dødsfall i 1945]]

Versjonen frå 21. september 2014 kl. 07:25

Alfred Ugland var fødd 27. januar 1914 i Evje. Han døydde i tysk konsentrasjonsleir i 1945.

Alfred Ugland tok reallina ved Hornnes landsgymnas i 1935, og juridisk embetseksamen i 1941. Han arbeidde med ulike ting i studietida. Etter eksamen var han assistent og seinare sekretær i Riksrevisjonen. Etter krigsutbrotet i 1940 var han med i illegalt arbeid frå første stund. Han rømde til Sverige våren 1942.

Av den norske legasjonen i Stockholm vart Ugland i 1942 sett til å vere leiar av ein kurèrorganisasjon. Han blei arrestert av tyskerane i Oslo 19. februar 1943, etter at han var blitt såra av eit skot i hofta. Han gjekk gjennom 14 avhøyr med tortur, og blei dømd til N.N.-fange og send til Tyskland.

I Tyskland var Ugland i ulike fangeleirar. I februar 1945 blei han send på utekommando frå ein leir som låg under Buchenwald konsentrasjonsleir. Etter dette høyrde ingen meir frå han.

Namnet til Alfred Ugland er innhoggen i Minnesteinen ved Evje kyrkje, som er reist av ungdom i Evje til minne om dei som ofra livet i kampen for fedrelandet i krigen 1940-1945. Alfred Uglands veg i Evje sentum er oppkalt etter krigshelten Alfred Ugland.

Kjelder