Vikestølvatnet: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Helland (diskusjon | bidrag)
s Kart
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Tilføyd opplysn. om kraftutbygging i Vikstølvatnet
Line 1: Line 1:
'''Vikestølvatnet''' ligg inne mellom heiene aust i [[Evje]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Det er 1,4 kvadratkilometer stort. Ut av vatnet renn [[Håtveitåna]] ned i [[Lislevatnet]] og vidare austover i [[Vegusdal]] til [[Tovdalselva]].
'''Vikestølvatnet''' ligg inne mellom heiene aust i [[Evje]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Det er 1,4 kvadratkilometer stort. Ut av vatnet renn [[Håtveitåna]] ned i [[Lislevatnet]] og vidare austover i [[Vegusdal]] til [[Tovdalselva]].
Vikstølvatnet har ein naturleg vasstand på ca 437 m.o.h. Men vatnet vart regulert i samband med utnytting av Uldalsvassdraget til kraftproduksjon (Hanefossen kraftverk). Konsesjon til den utbygginga blei gjeven i 1957. Regulanten, [[Agder Energi Produksjon AS]], har hatt tillating til å regulere vasshøgda med inntil 16 m. Dette har ført til at Vikstølvatnet i åra etter kraftutbygginga har hatt sterkt varierande vasstand, med stadige nedtappingar og oppfyllingar. Nedtappingane har skjedd gjennom ein tappetunnell gjennom fjellet og ut i [[Håtveitåna]] rett nedanfor [[Håtveitfossen]] i sørenden av Vikstølvatnet.
I 2012 gav Norges vassdrags- og energidirektorat Agder Energi Produksjon AS løyve til å byggje [[Lislevatn kraftverk]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Tiltaket vil venteleg innebere at Vikstølvatnet, som i dag vert regulert med inntil 16 m, jamt over vil få ein høgare og meir stabil vasstand. Regulanten vil av omsyn til erosjonsproblem ha ein sjølvpålagt, lågaste normal driftsvasstand i Vikstølvatnet på kote 428,67, dvs. maksimalt 8 m under naturleg vasstand. Bare ved trong for vedlikehald eller av omsyn til overordna vassføringskrav nedstraums vil magasinet tappast ned under kote 428,67.
==Kjelde==
Norges vassdrags- og energidirektorat, ''Vassdragskonsesjon til Lislevatn kraftverk'', dagsett 19. april 2012


==Kart==
==Kart==

Versjonen frå 2. august 2014 kl. 07:53

Vikestølvatnet ligg inne mellom heiene aust i Evje i Evje og Hornnes kommune. Det er 1,4 kvadratkilometer stort. Ut av vatnet renn Håtveitåna ned i Lislevatnet og vidare austover i Vegusdal til Tovdalselva.

Vikstølvatnet har ein naturleg vasstand på ca 437 m.o.h. Men vatnet vart regulert i samband med utnytting av Uldalsvassdraget til kraftproduksjon (Hanefossen kraftverk). Konsesjon til den utbygginga blei gjeven i 1957. Regulanten, Agder Energi Produksjon AS, har hatt tillating til å regulere vasshøgda med inntil 16 m. Dette har ført til at Vikstølvatnet i åra etter kraftutbygginga har hatt sterkt varierande vasstand, med stadige nedtappingar og oppfyllingar. Nedtappingane har skjedd gjennom ein tappetunnell gjennom fjellet og ut i Håtveitåna rett nedanfor Håtveitfossen i sørenden av Vikstølvatnet.

I 2012 gav Norges vassdrags- og energidirektorat Agder Energi Produksjon AS løyve til å byggje Lislevatn kraftverk i Evje og Hornnes kommune. Tiltaket vil venteleg innebere at Vikstølvatnet, som i dag vert regulert med inntil 16 m, jamt over vil få ein høgare og meir stabil vasstand. Regulanten vil av omsyn til erosjonsproblem ha ein sjølvpålagt, lågaste normal driftsvasstand i Vikstølvatnet på kote 428,67, dvs. maksimalt 8 m under naturleg vasstand. Bare ved trong for vedlikehald eller av omsyn til overordna vassføringskrav nedstraums vil magasinet tappast ned under kote 428,67.

Kjelde

Norges vassdrags- og energidirektorat, Vassdragskonsesjon til Lislevatn kraftverk, dagsett 19. april 2012

Kart

Laster kart ...