Galteland-steinen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Slettet artikkelen - Galtelandsteinen omtalt i annen artikkel.
Line 1: Line 1:
[[Fil:Galteland-steinen Verksmoen Evje etterligning 120913 .JPG|miniatyr|høyre|Etterlikning av Galteland-steinen på [[Verksmoen]] ([[Listeinsmoen]]) på [[Evje]]. Steinen står om lag på same staden som ein trur Galteland-steinen opprinneleg stod. Foto: [[Geir Daasvatn]]]]
'''Galteland-steinen''' er ein runestein som stod på [[Listeinsmoen]] i [[Evje]] frå ca år 1016 til ca år 1750. Han var 6 1/2 fot høg, 1 1/2 fot brei ved rota og 7 tommar i toppen. Innskrifta på steinen, slik dei lærde tolkar ho, fortel at steinen vart reist av Arnstein, til minne om son sin Bjor, som fall i hæren då Knut den Mektige hærtok England.


Steinen blei teken ned ca år 1750 og frakta til garden [[Galteland]], der han blei sett opp på bruk nr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, som blei murde inn i ein skorstein på garden.
I 1875 kom steinen i sju delar til Universitetet si Oldsaksamling i Oslo. I dag er han restaurert ut frå desse sju delane, og er utstilt i Historisk museum i Oslo.
Ei etterlikning av Galteland-steinen er reist av [[Evje og Hornnes sogelag]] på Listeinsmoen ([[Verksmoen]]), om lag på same staden som ein trur den gamle bautasteinen stod. Den nye steinen var ei markering av "Sørlandet i 100", og er gjeven frå sogelaget til [[Evje og Hornnes kommune]].
==Kjelde==
[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band 1 (1990), s. 57-60
[[Kategori:Evje og Hornnes]]

Versjonen frå 30. juli 2014 kl. 15:10