Galteland-steinen: Skilnad mellom versjonar
Ny side: '''Galteland-steinen''' er ein runestein som stod på Listeinsmoen i Evje frå ca år 1016 til ca år 1750. Han var 6 1/2 fot høg, 1 1/2 fot brei ved rota og 7 tommar i toppen.... |
|||
| Line 6: | Line 6: | ||
==Kjelde== | ==Kjelde== | ||
[[Olav O. Uleberg]], [[Kultursoge for Evje og Hornnes]], band 1 (1990), s. 57-60 | [[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band 1 (1990), s. 57-60 | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 30. juli 2014 kl. 14:12
Galteland-steinen er ein runestein som stod på Listeinsmoen i Evje frå ca år 1016 til ca år 1750. Han var 6 1/2 fot høg, 1 1/2 fot brei ved rota og 7 tommar i toppen. Innskrifta på steinen, slik dei lærde tolkar ho, fortel at steinen vart reist av Arnstein, til minne om son sin Bjor, som fall i hæren då Knut den Mektige hærtok England.
Steinen blei teken ned ca år 1750 og frakta til Galteland, der han blei sett opp på bruk nr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, og murde inn i ein skorstein på garden.
I 1875 kom steinen i sju delar til Universitetets Oldsaksamling. I dag er han restaurert ut frå desse sju delane, og er utstilt i Historisk museum i Oslo.
Kjelde
Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band 1 (1990), s. 57-60