Setesdalskonferansen 2014: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
fylkesordførar
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Ståle Lindblad
Line 25: Line 25:
;Torsdag
;Torsdag
*09.00 [[Agnes Berntsen]]: ''Arbeidsglede - rota til mykje godt!'' Om galskap & vinnarkultur, verdiar & bedriftskultur. Hotelldirektøren ved Strand Hotel Fevik fortel om det å vere til stades som leiar, og kva slags personlege eigenskapar alle kan ta i bruk for å medverke til positivitet på arbeidsplassen.
*09.00 [[Agnes Berntsen]]: ''Arbeidsglede - rota til mykje godt!'' Om galskap & vinnarkultur, verdiar & bedriftskultur. Hotelldirektøren ved Strand Hotel Fevik fortel om det å vere til stades som leiar, og kva slags personlege eigenskapar alle kan ta i bruk for å medverke til positivitet på arbeidsplassen.
*10.00 [[Kristian Osestad]]: Mediekontroll! Eller komplett kaos når sosiale medier forkludrar kommunikasjonen? Den daglege leiaren i [[Contentio]] hevdar å ha koden til morgondagens marknadsføring – i dag: Innhaldspublisering og annonsering i digitale kanalar for verksemder som vil ha auka trafikk og sal! Ei innføring.
*10.00 [[Ståle Lindblad]]: Mediekontroll! Eller komplett kaos når sosiale medier forkludrar kommunikasjonen? Den daglege leiaren i [[Contentio]] hevdar å ha koden til morgondagens marknadsføring – i dag: Innhaldspublisering og annonsering i digitale kanalar for verksemder som vil ha auka trafikk og sal! Ei innføring.
*10:30 [[Wenche Fresvik]]: ''Næringssjefen i Aust-Agder med status og inspirasjon''. Næringsliv og næringsutvikling som kraft for regional utvikling. Setesdal som eit aktivum for landsdelen!
*10:30 [[Wenche Fresvik]]: ''Næringssjefen i Aust-Agder med status og inspirasjon''. Næringsliv og næringsutvikling som kraft for regional utvikling. Setesdal som eit aktivum for landsdelen!
*11.00 ''Morgonfrisk, fersk Sørlands-benk om Setesdal sett frå Løvebakken.'' Høve til spørsmål og meiningsytringar frå salen.
*11.00 ''Morgonfrisk, fersk Sørlands-benk om Setesdal sett frå Løvebakken.'' Høve til spørsmål og meiningsytringar frå salen.

Versjonen frå 24. april 2014 kl. 10:24

Setesdalskonferansen 2014 vart arrangert av Setesdal RegionrådRevsnes Hotell 23. april 2014 og 24. april 2014. Tema for konferansen var «Samarbeid og arbeidsglede». Styrk Fjærtoft Trondsen var konferanseleiar også denne gongen.

Setesdalskonferansen er ei samling for eigarar / daglege leiarar i private verksemder i Setesdal, tiltaksapparatet, kommuneleiinga og andre inviterte. Føremål med konferansen er fagleg påfyll, nettverksbygging og ein uformell arena for tettare samarbeid mellom privat næringsliv og offentleg tiltaksapparat. Prisen for konferansen var 1000 kroner inkludert overnatting og mat.

Program

Onsdag
  • 11:00 Registrering og lunsj
  • 12.00 Konferanseopning Tarald Myrum: Velkomen til Setesdalskonferansen!
  • 12.10 Kjell O. Johannessen: Løyndomar bak klyngeteoriane - nyklar til regional utvikling i Setesdal?
  • 13.10 Næringslivet på pulsen. Er det puls? Fem driftige og dyktige forretningskvinner fortel om stoda per mai 2014:
  • 13.55 Slik gjer me kvarandre gode og glade. Ordskifte mellom dei fem forretningskvinnene og innspel frå salen der det handlar om å unne kvarandre det beste. Eller…
  • 14.15 Erik Berglihn: Etter eit halvt år på jobb, er tida komen for at næringsutviklaren kallar ein spade ein spade og fortel korleis Setesdal skal bli ein heidundrande braksuksess!
  • 14.40 Rune Ingebretsen: Tytingen - ei gründerhistorie i Setesdal
  • 15:10 Kaffi og ostekake
  • 15.30 Terje Greibesland: Frå rutebilselskap i dalen til vinnar av milliardkontrakt. Dagleg leiar i Setesdal Bilruter om strategisk selskapsutvikling og lokalt eigarskap i ein krevjande bransje.
  • 16:00 Geir Lippestad: «Verdikommunikasjon som motivasjon for å treffe gode val!» Confex, Nordens største kurs- og konferansearrangør, kåra den røynde advokaten til «Årets foredragsholder 2012»!
  • 18.00 Førspel & mingling før middag
  • 20.00 Festmiddag – kjøkemeister Jon-Rolf Næss. Fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund delte ut Setesdalsprisen 2014 til Setesdal Bilruter og Terje Greibesland.
Torsdag
  • 09.00 Agnes Berntsen: Arbeidsglede - rota til mykje godt! Om galskap & vinnarkultur, verdiar & bedriftskultur. Hotelldirektøren ved Strand Hotel Fevik fortel om det å vere til stades som leiar, og kva slags personlege eigenskapar alle kan ta i bruk for å medverke til positivitet på arbeidsplassen.
  • 10.00 Ståle Lindblad: Mediekontroll! Eller komplett kaos når sosiale medier forkludrar kommunikasjonen? Den daglege leiaren i Contentio hevdar å ha koden til morgondagens marknadsføring – i dag: Innhaldspublisering og annonsering i digitale kanalar for verksemder som vil ha auka trafikk og sal! Ei innføring.
  • 10:30 Wenche Fresvik: Næringssjefen i Aust-Agder med status og inspirasjon. Næringsliv og næringsutvikling som kraft for regional utvikling. Setesdal som eit aktivum for landsdelen!
  • 11.00 Morgonfrisk, fersk Sørlands-benk om Setesdal sett frå Løvebakken. Høve til spørsmål og meiningsytringar frå salen.
  • 11.30 Næringsarbeidet - strategiar og idedugnad. Kva ynskjer de? Ved Signe Sollien Haugå, Erik Berglihn og fleire. Speakers corner – nytt og nyttig sidan sist. Spørje- og meiningsytringstid – plenum for dei som har noko på hjarta
  • 12.30 Avslutting. Lunsj og heimreise, eller bli med vidare:
  • 13.30 Contentio AS: Stuttkurs i effektiv innhaldspublisering og annonsering i digitale kanalar. Forretningsideen til Contentio er å tilby produksjon, distribusjon og analysar av innhald og annonsering på digitale/sosiale medier for verksemder i den nordiske marknaden. Ved dagleg leiar Kristian Osestad.
  • 16.00 Takk for i dag!

Programkomite

Ørnulf Hasla, Bjørn Erling Auestad, Connie Barthold, Svein Hjort-Olsen, Ann-Torill Briksdal, Harald Haugland, Knut På Bø, Ole P. Bruun, Erik Berglihn, Signe Sollien Haugå – med god hjelp av Styrk F. Trondsen.

Eksterne lenker