Homsli naturreservat: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 22: | Line 22: | ||
[[Kategori:Naturreservat]] | [[Kategori:Naturreservat]] | ||
[[Kategori:Valles geografi]] | [[Kategori:Valles geografi]] | ||
[[Kategori:Homme]] | |||
Siste versjonen frå 5. mars 2026 kl. 08:06


Homsli naturreservat ligg under den sørvendte, bratte bergveggen til Hommsfjødd i Homme nord for Valle sentrum. Det er verna ved kgl. res. 12. desember 2025, og kome til gjennom ordninga med frivillig skogvern.
Føremålet med forskrifta er å ta vare på eit område som:
a. representerer ein bestemt type natur i form av velutvikla og rik furuskog b. inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur som frisk rik edellauvskog og kalk- og lågurtfurskog c. har særskilt betydning for biologisk mangfald ved at det inneheld ein svært rik karplanteflora med varme- og basekrevjande artar.
Det er eit mål å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.
Naturreservatet dekker eit totalareal på ca. 587 dekar. Det omfattar følgjande gnr./bnr.: Valle kommune: 28/1, 28/15, 28/2, 28/3, 28/6, 29/1 og 29/2. Grensene går fram av vernekart datert Klima- og miljødepartementet desember 2025.