Homme: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Homme
 
Hellandsbot (diskusjon | bidrag)
s robot: automatisk teksterstatning: (-display_map: +display_map: )
Line 10: Line 10:
==Kart==
==Kart==
{{
{{
#display_map:
#display_map:  
59.2408, 7.5357  
59.2408, 7.5357  
}}
}}


[[Kategori:Valle]]
[[Kategori:Valle]]

Versjonen frå 31. juli 2014 kl. 12:18

Homme er ei grend i Valle kommune. Grenda ligg på nord- og austsida av Otra i den svingen der dalen svingar mot vest etter å ha gått i nordleg retning eit stykke. Det karakteristiske fjellet Einang ligg vest for Homme. Det er fire matrikkelgardar som til saman utgjer grenda Homme. Desse gardane er Hommehaugen og Svalestoga, ofte også kalla Sygard, og Hommelunden og Gråmannshus, ofte også kalla Nordigard. Utanbygds folk nyttar også nemningane Syndre og Nordre Homme.

Todelinga i Sygard og Nordigard skjedde truleg i høgmiddelalderen og delinga i fire gardar kan ein rekne med skjedde før Svartedauden (1349). Namnet er det same som det gammalnorske hankjønnsordet hvammr. Oluf Rygh skriv om namnet i Indledning til Norske Gaardnavne: kort Dal eller sænkning, omgifet af Høider, dog således at der til en af Siderne er Aabning.

Grenda strekkjer seg frå Otra opp mot Hommsfjødd i vide, slette jorde frå elva og oppover, der skogen tek til.

Kjelde

  • Homme. Kapittel i Alfred Ryningen: Valle kommune. Gard og ætt, bind 5 side 298

Kart

Laster kart ...