Typleband: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Føyd til ekstra kjelde
 
Line 13: Line 13:
*Innslag om typlebandprosjektet i [[Onsdagssending i Valle Radio 20180117]]
*Innslag om typlebandprosjektet i [[Onsdagssending i Valle Radio 20180117]]
*[[Laila Durán]], ''[[Bunader og tradisjoner fra Setesdal]]'', Duran Publishing, 2015, side 94
*[[Laila Durán]], ''[[Bunader og tradisjoner fra Setesdal]]'', Duran Publishing, 2015, side 94
*[[Gøymde og gløymde skattar. Band og belte frå Setesdal]], utgjeve av [[Valle bygdekvinnelag]], 2024, side 48–63


[[Kategori:Setesdalsbunad]]
[[Kategori:Setesdalsbunad]]
[[Kategori:Ord og uttrykk]]
[[Kategori:Ord og uttrykk]]

Siste versjonen frå 30. desember 2024 kl. 05:53

Bjørg-Sissel Tveiten og Marit Løyland under Bykledagen 2024 31. august 2024. Ein ser typlebandet som heng nedover ryggen på begge.
Setesdal Folkemusikkfestival på Rysstad 7. august 2022. Lars Rysstad Nordgreen og Stina Brandin Hovet. Ein ser typlebandet bak på ryggen hennar.

Typleband er eit band som høyrer til Setesdalsbunaden. Det er eit band som blir fletta inn i hårflette eller lagt rundt håret om det er sett opp i topp. Ordet «typle» har samanheng med topp i tydinga hårtopp. Slikt band er kjent tilbake til 1600-talet.

Bandet er vove på bandvevrei med renning av bomullstråd og med innslag av ulltråd der raudt er hovudfarge. Opphaveleg var garnet heimespunne, men sidan vart det vanleg å bruke «løyegån», laust tvinna fabrikkspunne ullgarn. Mønsteret kan vere kross og kringle, doble krossar eller sikk-sakk. Breidda er 2 cm og lengda er tilpassa lengda på håret, 2,5 - 3 meter. Det blir avslutta med ein dusk.

I 2018 laga ein Kjell-Einar Kana i Kreativ Videoproduksjon ein dokumentasjonsfilm om typleband for Setesdalsmuseet. Den syner May-Lis Flateland i arbeid ved veven.

Kjelder