Sylvartun: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Småpuss
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Språkpuss
Line 6: Line 6:
I fire tiår, frå etableringa i 1961 til noko ut på 2000-talet, var Sylvartun den sentrale sylvsmed- og folkemusikkarenaen i [[Setesdal]]. Bjørgumsylvet hadde rykte på seg for å vere av det beste, og eit møte med eigaren - spelemann, sylvsmed og kulturberar [[Torleiv H. Bjørgum]] - vart for mange eit minne for livet. Verksemda utvikla seg frå ei tømra utsalsbu til ei lita samling antikvariske laftebygningar, og så i 1992 eit nytt formidlingsbygg.  

Då var det sonen [[Hallvard T. Bjørgum]] som styrde verksemda i faren si ånd, og slik var det til ein i 2010 vurderte det slik at det ikkje lenger var forsvarleg å halde anlegget oppe. Utgiftene overskreid inntektene.   
Då var det sonen [[Hallvard T. Bjørgum]] som styrde verksemda i faren si ånd, og slik var det til ein i 2010 vurderte det slik at det ikkje lenger var forsvarleg å halde anlegget ope. Utgiftene overskreid inntektene.   

Tilbake stod tome bygningar utan aktivitet, men med det meste av innbu og utstyr på plass. Gjennom det nemnde samarbeidet mellom Valle kommune, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet er no Sylvartun revitalisert.

Versjonen frå 28. november 2024 kl. 11:45

Sylvartun.
Imponerande felesamling på Sylvartun 6. august 2023.

SylvartunNomeland i Hylestad er gjenopna som eit senter for immateriell kulturarv. Det nye senteret opna 18. juni 2015. I oppstarten fokuserte ein særskilt på det folk alltid har forbunde Sylvartun med: Folkemusikk og folkedans. Nyopninga var eit samarbeid mellom Valle kommune, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet. Setesdalsmuseet er ansvarleg for drifta.

Historie

I fire tiår, frå etableringa i 1961 til noko ut på 2000-talet, var Sylvartun den sentrale sylvsmed- og folkemusikkarenaen i Setesdal. Bjørgumsylvet hadde rykte på seg for å vere av det beste, og eit møte med eigaren - spelemann, sylvsmed og kulturberar Torleiv H. Bjørgum - vart for mange eit minne for livet. Verksemda utvikla seg frå ei tømra utsalsbu til ei lita samling antikvariske laftebygningar, og så i 1992 eit nytt formidlingsbygg.

Då var det sonen Hallvard T. Bjørgum som styrde verksemda i faren si ånd, og slik var det til ein i 2010 vurderte det slik at det ikkje lenger var forsvarleg å halde anlegget ope. Utgiftene overskreid inntektene.

Tilbake stod tome bygningar utan aktivitet, men med det meste av innbu og utstyr på plass. Gjennom det nemnde samarbeidet mellom Valle kommune, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet er no Sylvartun revitalisert.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...