Sylvartun: Skilnad mellom versjonar
s Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Sylvartun Nomeland Valle 070715-2.jpg|miniatyr|thumb|Sylvartun. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Sylvartun Nomeland Valle 070715-2.jpg|miniatyr|thumb|Sylvartun. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Sylvartun Hylestad 060823 (15).jpg|mini|høgre|Imponerande felesamling på Sylvartun [[6. august 2023]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Sylvartun''' på [[Nomeland (Valle gnr 64)|Nomeland]] i [[Hylestad]] har no vorte gjenopna som eit senter for immateriell kulturarv. Det nye senteret opna [[18. juni 2015]]. I oppstarten vil ein fokusere særskilt på det folk alltid har forbunde Sylvartun med: Folkemusikk og folkedans. Nyopninga er eit samarbeid mellom Valle kommune, [[Aust-Agder fylkeskommune]] og [[Setesdalsmuseet]]. Setesdalsmuseet skal vere ansvarleg for drifta. | '''Sylvartun''' på [[Nomeland (Valle gnr 64)|Nomeland]] i [[Hylestad]] har no vorte gjenopna som eit senter for immateriell kulturarv. Det nye senteret opna [[18. juni 2015]]. I oppstarten vil ein fokusere særskilt på det folk alltid har forbunde Sylvartun med: Folkemusikk og folkedans. Nyopninga er eit samarbeid mellom Valle kommune, [[Aust-Agder fylkeskommune]] og [[Setesdalsmuseet]]. Setesdalsmuseet skal vere ansvarleg for drifta. | ||
Versjonen frå 22. juni 2024 kl. 08:32


Sylvartun på Nomeland i Hylestad har no vorte gjenopna som eit senter for immateriell kulturarv. Det nye senteret opna 18. juni 2015. I oppstarten vil ein fokusere særskilt på det folk alltid har forbunde Sylvartun med: Folkemusikk og folkedans. Nyopninga er eit samarbeid mellom Valle kommune, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet. Setesdalsmuseet skal vere ansvarleg for drifta.
Historie
I fire tiår, frå etableringa i 1961 til noko ut på 2000-talet, var Sylvartun den sentrale sylvsmed- og folkemusikkarenaen i Setesdal. Bjørgumsylvet hadde rykte på seg for å vere av det beste, og eit møte med eigaren - spelemann, sylvsmed og kulturberar Torleiv H. Bjørgum - vart for mange eit minne for livet. Verksemda utvikla seg frå ei tømra utsalsbu til ei lita samling antikvariske laftebygningar, og så i 1992 eit nytt formidlingsbygg.
Då var det sonen Hallvard T. Bjørgum som styrde verksemda i faren si ånd, og slik var det til ein i 2010 vurderte det slik at det ikkje lenger var forsvarleg å halde anlegget oppe. Utgiftene overskreid inntektene.
Tilbake stod tome bygningar utan aktivitet, men med det meste av innbu og utstyr på plass. Gjennom det nemnde samarbeidet mellom Valle kommune, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet er no Sylvartun revitalisert.