Terje A. Fidjeland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Ny side
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Personmal
Line 1: Line 1:
'''Terje Aanonson Fidjeland''' (fødd 1865, død 1. april 1914) var børsemakar og oppfinnar. Han var son av [[Aanen Fidjeland]], som saman med foreldre og søsken hadde flytta frå [[Ånebjør]] i [[Bygland]] til Vestre Fidjeland i [[Iveland]] i 1861.  
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag =  | fmåned =  | får =  1865| ddag = 1| dmåned = 4| dår = 1914}}'''Terje Aanonson Fidjeland''' (fødd 1865, død 1. april 1914) var børsemakar og oppfinnar. Han var son av [[Aanen Fidjeland]], som saman med foreldre og søsken hadde flytta frå [[Ånebjør]] i [[Bygland]] til Vestre Fidjeland i [[Iveland]] i 1861.  


Terje kjøpte eigedomen Fosstveit på [[Birketveit]] i Iveland, tett ved elva [[Langsima]]. Her bygde han ein mekanisk verkstad. Kraftspørsmålet løyste han med å bygge ein stor stem i [[Kinnarfossen]], rett ovafor verkstaden. Han lagde eit nytt armégevær, men tapte i konkurransen mot Krag og Jørgensen. Seinare arbeidde han med halv-automatvåpen.  
Terje kjøpte eigedomen Fosstveit på [[Birketveit]] i Iveland, tett ved elva [[Langsima]]. Her bygde han ein mekanisk verkstad. Kraftspørsmålet løyste han med å bygge ein stor stem i [[Kinnarfossen]], rett ovafor verkstaden. Han lagde eit nytt armégevær, men tapte i konkurransen mot Krag og Jørgensen. Seinare arbeidde han med halv-automatvåpen.  

Versjonen frå 7. juni 2024 kl. 09:09

Terje A. Fidjeland
Født: 1865
Død: 1. april 1914 (alder 48–49)

Terje Aanonson Fidjeland (fødd 1865, død 1. april 1914) var børsemakar og oppfinnar. Han var son av Aanen Fidjeland, som saman med foreldre og søsken hadde flytta frå Ånebjør i Bygland til Vestre Fidjeland i Iveland i 1861.

Terje kjøpte eigedomen Fosstveit på Birketveit i Iveland, tett ved elva Langsima. Her bygde han ein mekanisk verkstad. Kraftspørsmålet løyste han med å bygge ein stor stem i Kinnarfossen, rett ovafor verkstaden. Han lagde eit nytt armégevær, men tapte i konkurransen mot Krag og Jørgensen. Seinare arbeidde han med halv-automatvåpen.

Terje Fidjeland døydde brått i 1914, og ingen heldt fram med arbeidet hans. Verkstaden blei seld og flytta. Stemmen i Kinnarfossen og ruinane etter den mekaniske verkstaden står att på staden.

Kjelder

  • Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 542