Tveiteåna (Hornnes): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 16: | Line 16: | ||
[[Kategori:Elver i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Elver i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Hornnes]] | |||
Versjonen frå 7. mai 2025 kl. 10:36
Foto: Geir Daasvatn
Tveiteåna er namnet på elva Kjetsåna der ho renn forbi garden Tveit i Hornnes. Endå lenger oppe, nord for garden, vert ho kalla Stebekken.
I ein foss i Tveiteåna, rett aust for garden Austre Tveit, hadde Olav N. Sundbø sag og høvleri, som han dreiv i mange år. Etter han overtok sonen Torbjørn Tveit saga. Han bygde eit nytt, svært sagbruk i fossen. Men det var helst svigersonen til Tveit, Ingemund Bjorå, som kom til å drive dette nye sagbruket. Det skal ha vore i drift frå rundt 1950 til 2000. På det meste var det jamt fem mann i arbeid på saga.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2009, s. 30-37
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 194
Eksterne lenker

Foto: Geir Daasvatn