Sandpiper: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Meir skrivefeilretting
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet ørliten skrivefeil
Line 1: Line 1:
'''Sandpiper''' var ein militær operasjon som blei sett i verk i Milorg sitt [[Distrikt 18]] (Agder) frå desember 1943. Ei gruppe på fire kommandosoldatar vart [[10. desember 1943]] sleppt ned frå fly aust for Monsvatn i Langeidsheia/Rysstadheia i [[Setesdal Vesthei]]. Dei var [[Jens Ropstad]] (leiar), [[Jacob Eikanger]] (nestkommanderande), [[Arthur Fosse]] (våpeninstruktør) og [[Leif Bjørn Tofte]] (telegrafist).  

Oppgåvene var mellom anna å opprette radiosamband mellom landsdelen og forsvarsleiinga i Storbritannina, drive instruksjon i våpenbruk og geriljateknikk, reorganisere kampgrupper, legge til rette for sabotasje av kommunikasjoar, finne eigna slepplassar for våpen og utstyr og ta imot og lagre dette. Dei skulle kort sagt freiste å bygge opp att motstandsarbeidet i landsdelen, etter at det hadde vore meir eller mindre lamma sidan opprullinga av [[Kampgruppe 3|Laudalsorganisasjonen]] i 1943.  
Oppgåvene var mellom anna å opprette radiosamband mellom landsdelen og forsvarsleiinga i Storbritannina, drive instruksjon i våpenbruk og geriljateknikk, reorganisere kampgrupper, legge til rette for sabotasje av kommunikasjonar, finne eigna slepplassar for våpen og utstyr og ta imot og lagre dette. Dei skulle kort sagt freiste å bygge opp att motstandsarbeidet i landsdelen, etter at det hadde vore meir eller mindre lamma sidan opprullinga av [[Kampgruppe 3|Laudalsorganisasjonen]] i 1943.  

Etter ei tid i fjellheimen nord i [[Bygland]] flytta karane seg til ei hytte i [[Kalvedalen]], om lag fem kilometer nord-aust for [[Austegard]] i [[Åseral]]. Her blei hovudkvarteret oppretta. Dei fekk setta opp ein radiostasjon med kontakt til England. Arbeidet med å bygge opp ein ny militær geriljahær i området kunne ta til.   

Versjonen frå 12. januar 2024 kl. 10:45

Sandpiper var ein militær operasjon som blei sett i verk i Milorg sitt Distrikt 18 (Agder) frå desember 1943. Ei gruppe på fire kommandosoldatar vart 10. desember 1943 sleppt ned frå fly aust for Monsvatn i Langeidsheia/Rysstadheia i Setesdal Vesthei. Dei var Jens Ropstad (leiar), Jacob Eikanger (nestkommanderande), Arthur Fosse (våpeninstruktør) og Leif Bjørn Tofte (telegrafist).

Oppgåvene var mellom anna å opprette radiosamband mellom landsdelen og forsvarsleiinga i Storbritannina, drive instruksjon i våpenbruk og geriljateknikk, reorganisere kampgrupper, legge til rette for sabotasje av kommunikasjonar, finne eigna slepplassar for våpen og utstyr og ta imot og lagre dette. Dei skulle kort sagt freiste å bygge opp att motstandsarbeidet i landsdelen, etter at det hadde vore meir eller mindre lamma sidan opprullinga av Laudalsorganisasjonen i 1943.

Etter ei tid i fjellheimen nord i Bygland flytta karane seg til ei hytte i Kalvedalen, om lag fem kilometer nord-aust for Austegard i Åseral. Her blei hovudkvarteret oppretta. Dei fekk setta opp ein radiostasjon med kontakt til England. Arbeidet med å bygge opp ein ny militær geriljahær i området kunne ta til.

Kjelder