Drøymarnuten: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Rettet navn til Drøymarnuten
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Geir Daasvatn flytte sida Draumarnuten til Drøymarnuten: Byttet til korrekt navn
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 27. oktober 2023 kl. 05:18

Utsikten frå Drøymarnuten.
Kart.

Drøymarnuten er eit lite fjell (730 moh.) aust for Bygland sentrum.

Det går merka turløype til Drøymarnuten. Startpunktet er ved Rindane bustadfelt nede i Byglandsbygda. Turen følger ei gamal tømmerslepe den første delen av løypa. Seinare går ein over på sti med varierande underlag. Det er nokre bratte parti enkelte stadar. På toppen er det eit utkikkspunkt der ein kan sjå både ned til Bygland sentrum og mot Jordalsbø. Turlengde t/r er sju kilometer. Tidsbruken vil normalt vere 2–4 timar.

Kjelder

  • Draumarnuten, informasjonsblad utgjeve av Visit Setesdal