Austad gamle kyrkjegard: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 25: | Line 25: | ||
[[Kategori:Bygland fellesråd]] | [[Kategori:Bygland fellesråd]] | ||
[[Kategori:Austad]] | [[Kategori:Austad]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | |||
Versjonen frå 1. desember 2024 kl. 18:19

Austad gamle kyrkjegard er den gamle kyrkjegarden frå tida då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880, då kyrkja på Tveit var ferdig, søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Men søknaden vart ikkje imøtekomen, fyrst i 1911 vart han teken i bruk att. 23. juni 1911 vart Knut Tarkjelson Austad gravlagd her. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod om å halde kyrkjegarden der ved like. Det fekk dei lov til.
I 1933 blei kyrkjegarden utvida ved at kyrkjegardsmuren vart flytta 5–6 meter sørover.
I 1932 vedtok Austad sokneråd å byggje eit gravkapell på Austad kyrkjegard. Samstundes vart det vedteke å bygge eit klokketårn der, dette vart vigsla hausten 1933. Tanken var at tårnet skulle tene som våpenhus for gravkapellet, men det vart ikkje bygd. Klokka i tårnet har innskrifta «Dr. J.G. Arneberg, Bjørgulv Skore og andre bygdefolk reiste dette tårn med klokke 1933».
Her reiste «sambygdingar i Norig og Amerika» i 1912 ein bauta over spelemannen Tarkjel Aslakson Austad (1802–1875), og klokkaren og læraren Kristian Stubseid er og begraven her.
Sommaren 2021 fann ein under dugnadsarbeid på kyrkjegarden ei gamal steintavle med det som kan vere inskripsjonar på latin. Alderen er ikkje fastsett av fagfolk, men tavla kan vere frå før reformasjonen.
Foto: Leonhard Jansen sin samling |
Chris Nyborg (2014) |
Sambygdingar i Norig og Amerika reiste dette minne 1912. Siri Johannessen (2014) |
Siri Johannessen (2014) |
Foto: Geir Daasvatn |
Kjelder
- Vollen, Reidar: Bygland gard og ætt bind III Austad, Ose, Skore, Kile. ISBN 82-993677-4-3 side 430, spalte 2
- Ole Birger Lien, Fann steintavle på Austad som truleg er frå før reformasjonen, artikkel i Setesdølen nr. 55, 2021, side 3



